Davissundet
Davissundet | |||
sund | |||
Land | Canada, Grønland | ||
---|---|---|---|
Del av | Det kanadiske polararkipelet, Polhavet | ||
Davissundet 65°N 58°W / 65°N 58°W | |||
Kart over Davissundet mellom Baffinøya i vest og Grønland i aust.
| |||
Wikimedia Commons: Davis Strait |
Davissundet (dansk Davisstrædet, engelsk Davis Strait) er sundet mellom det sørvestlege Grønland og Baffinøya i Canada. Det er mellom 290 og 650 km breitt, og knyter Labradorhavet i sør med Baffinbukta i nord. Grenselinja mot Labradorhavet er sett ved 60° N og mot Baffinbukta ved 70° N.
Langs den vestlege delen av Davissundet går ein arktisk havstraum som fører isfjell mot sør. Danninga av havisen i Davissundet, vestisen, tek til sist i oktober månad i den nordvestlege delen av Baffinbukta. I løpet av november dekker havisen, frå 50 til 150 cm tjukk, det meste av Baffinbukta og den vestlege delen av Davissundet. I den austlege delen av Davissundet går ein nordgåande varmare havstraum frå Atlanterhavet opp langs den grønlandske vestkysten, som hjelper til å halde denne delen av isfri til utpå vinteren. Dette fører til at vestkysten av Grønland er lengre isfri og meir eigna for busetjing enn den grønlandske austkysten.
I dei austlege og grunnare delane av Davissundet har rike fiskeri føregått i fleire hundreår. Også norske fiskarar har sidan 1920-åra delteke i fisket etter særleg torsk og, i mindre målestokk, etter reker.
Davissundet har namn etter den engelske sjøfararen John Davis, som kom til Davissundet med skipet sitt for fyrste gongen i 1585.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Davisstrædet» frå Wikipedia på dansk, den 30. juli 2013.