David Livingstone
Utsjånad
David Livingstone | |
Statsborgarskap | Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Storbritannia, Skottland |
Fødd | 19. mars 1813 Blantyre i South Lanarkshire |
Død |
1. mai 1873 (60 år) |
Yrke | oppdagar, medisinsk forfattar, geograf, skribent, misjonær |
Språk | engelsk |
Medlem av | Royal Geographical Society, London Missionary Society |
Religion | Kongregasjonalistkirken |
Ektefelle | Mary Livingstone |
David Livingstone på Commons |
David Livingstone (fødd 19. mars 1813 i Blantyre ved Glasgow i Skottland, død 1. mai 1873 i Chitambo ved Bangweulusjøen) var ein skotsk misjonær og afrikaforskar.
Sitatet «Dr. Livingstone, I presume?» (Dr. Livingstone, formodar eg?) skriv seg frå då oppdagaren Henry Morton Stanley etter lang tid med leiting trefte på Livingstone i 1871 i Ujiji ved Tanganyikasjøen.
Stanley klarte ikkje å overtale Livingstone til å reise heim til Storbritannia saman med han. David Livingstone døydde to år etter. Lokalbefolkninga gravla hjarte hans i Afrika, etter Livingstone sitt eige ynskje. Dei øvrige jordiske leivningane frå han vart tekne til England og gravlagt i Westminister Abbey i London.
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: David Livingstone