Dasht-e Lut
Dasht-e Lut | |||
ørken | |||
Land | Iran | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 30°36′18″N 59°04′04″E / 30.60500001°N 59.0677777878°E | ||
Lengd | 480 km | ||
Breidd | 320 km | ||
Areal | 51 800 km² | ||
Dasht-e Lut 30°15′50″N 59°14′28″E / 30.263888888889°N 59.241111111111°E | |||
Wikimedia Commons: Dasht-e Lut |
Lutørkenen eller Dasht-e Lut (persisk دشت لوت, «Den tomme sletta»), er ein stor saltørken i provinsane Kerman og Sistan og Balutsjistan i Iran. Det er den 27. største ørkenen i verda og vart oppført på verdsarvlista til UNESCO den 17. juli 2016.[1] Temepraturen på sandoverflata er målt til så høg som 70 °C,[2][3] som gjer det til ein av dei tørraste og varmaste plassane på jorda.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Iran er klimatisk sett ein del av det afro-asiatiske ørkenbeltet, som strekkjer seg frå Kapp Verde-øyane utafor Vest-Afrika og heile vegen til Mongolia nær Beijing i Kina. Dei flekkete, langstrekte og lyse områda i framgrunnen (parallelt med fjellkjeda) er den nordlegaste av dei tørre innsjøane i ørkenen, som strekkjer seg 300 km sørover. Dei nesten-tropiske ørkenane får mest nedbør. Som følgje av dette er ørkenen stort sett ein abiotisk sone.
Iransk geografi består av eit platå omgjeve av fjell og delt inn i ulike nedslagsfelt. Dasht-e Loot er eit av dei største av desse ørkenbassenga, og er 480 km lang og 320 km brei,[4] og vert rekna som ein av dei tørraste stadane på jorda.[5][6][7]
Arealet i ørkenen er kring 51 800 km².[8] Det andre store bassenget er Dasht-e Kavir. I regntida om våren, renn vatn ei kort stund ned frå Kermanfjella, men tørkar raskt opp, og let etter seg berre steinar, sand og salt.
Den austlege delen av Dasht-e Loot er eit lågt platå dekt av saltsletter. I motsetnad har dei sentrale områda blitt forma av vinden til ei rekkje parallelle ryggar og furer, som strekkjer seg over 150 km og når ei høgd på 75 m.[4] Dette området har òg mange raviner og slukhol. Dei søraustlege områda er vide område med sand, som dynehavet i Sahara, med sanddyner som er opp til 300 meter høge og blant dei høgaste i verda.[4]
Varmaste overflate på jorda
[endre | endre wikiteksten]Målingar gjort av MODIS (Moderate-Resolution Imaging Spectroradiometer) på NASA-satellitten Aqua frå 2003 til 2010 synte at Dasht-e-Lut er den varmaste overflata på jorda med ein temperatur målt til 70,7 ºC, sjølv om lufttemperaturen er lågare.[5][6][7][9][10][11] Presisjonen i målinga er 0,5 til 1 grad.[12][13]
Den varmast delen av Dasht-e Loot er Gandom Beryan, eit stort platå dekt med svart lava, kring 480 km² i flatevidd.[14]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Dasht-e Lut» frå Wikipedia på engelsk, den 3. april 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Lutørkenen». UNESCO World Heritage Centre (på engelsk). United Nations Educational, Scientific and Cultural Organization. Henta 17. juli 2016.
- ↑ Mildrexler, D.; M. Zhao; S. W. Running (October 2006). «Where Are the Hottest Spots on Earth?». EOS 87 (43): 461, 467. doi:10.1002/eost.v87.43.
- ↑ Mildrexler, D.; M. Zhao; S. W. Running (2011). «Satellite Finds Highest Land Skin Temperatures on Earth». Bull. Amer. Meteor. Soc. 92: 850–860. doi:10.1175/2011BAMS3067.1.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 editors, Richard L. Scheffel, Susan J. Wernert ; writers, Oliver E. Allen ...; et al. (1980). Natural Wonders of the World. The Readers Digest Association, Inc. s. 117. ISBN 978-0-89577-087-5.
- ↑ 5,0 5,1 Satellites seek global hot spots / The Christian Science Monitor - CSMonitor.com
- ↑ 6,0 6,1 Temperature of Earth
- ↑ 7,0 7,1 Images of the Day - Images - redOrbit, arkivert frå originalen 1. desember 2008, henta 3. april 2021
- ↑ Wright, John W. (ed.) (2006). The New York Times Almanac (2007 utg.). New York, New York: Penguin Books. s. 456. ISBN 978-0-14-303820-7.
- ↑ The Hottest Spot on Earth : Image of the Day
- ↑ Weather Iran Arkivert 2004-12-13 ved Wayback Machine. (persisk)
- ↑ PressTV Iran Arkivert 28. september 2012 ved Wayback Machine.
- ↑ MOD 11 - Land Surface Temperature and Emissivity, MODIS Website
- ↑ Zhengming Wan (April 1999) MODIS Land-Surface Temperature Algorithm Theoretical Basis Document (LST ATBD) Version 3.3
- ↑ A Journey To Earths Hottest Point