Dana Brožková
Dana Brožková | |
Statsborgarskap | Tsjekkia, Tsjekkoslovakia |
Fødd | 28. april 1981 (43 år) Rovensko pod Troskami |
Idrett | orientering |
Dana Safka Brožková (fødd 28. april 1981) er ein tsjekkisk tidlegare orienteringsløpar frå Turnov. Ho vart verdsmeister 2008 i klassisk løype og 2009 i mellomlang løype.
Brožková høyrde til verdseliten frå 2004 til 2011. Si fyrste VM-medalje vann ho då vart nummer 3 på normal-distansen under VM 2006 i Århus. To år seinare sprang ho inn til gull på den same distansen då verdsmeisterskapen fann stad i heimlandet. Sitt andre og siste VM-gull tok ho på mellomdistansen då VM 2009 vart avvikla i Ungarn. I 2010 la Brožková beslag på sølvmedaljen på normal-distansen ved europameisterskapen Primorsko i Bulgaria. Også under verdsmeisterskapen 2011 i Frankrike kom ho på sølvplassen på normal-distansen, før ho som ankerkvinne på stafetten sikra sølvmedalje til seg og lagkameratane Martina Zvěřinová og Eva Juřeníková.
Medaljar og plasseringar i verdsmeisterskap
[endre | endre wikiteksten]- VM 2004: Nr 4 på kort-distansen
- VM 2005: Nr 6 på kort-distansen
- VM 2006: Bronse i klassisk løype
- VM 2008: Gullmedalje i klassisk løype
- VM 2009: Gullmedalje på mellomdistansen
- VM 2011: Sølv i klassisk løype og i stafett
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Dana Brožková» frå Wikipedia på bokmål, den 3. juli 2023.