Damir Kedžo
Damir Kedžo | |||
| |||
Fødd | 24. mai 1987 (37 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Omišalj | ||
Fødenamn | Damir Kedžo | ||
Opphav | Kroatia | ||
Aktiv | 2003– | ||
Sjanger | pop | ||
Instrument | vokal | ||
Plateselskap | Menart, Hit Records, Croatia Records, Croatia Records | ||
Verka som | songar | ||
Prisar | Q12638013 |
Damir Kedžo (fødd 24. mai 1987) er ein kroatisk popsonger. Kedžo starta musikkarrieren i 2003, då han deltok i talenttevlinga Story Super Nova Music Talent Show. Han vann seinare den tredje sesongen av Tvoje lice zvuči poznato, den kroatiske versjonen av Your Face Sounds Familiar.[1] I 2020 vann Kedžo den kroatiske songtevlinga Dora med låten «Divlji vjetre». Han skulle ha representert Kroatia i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men tevlinga vart avlyst på grunn av koronavirusutbrotet i 2020.[2]
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Kedžo vart fødd i Omišalj i den sosialistiske republikken Kroatia i Jugoslavia, seinare Kroatia, i 1987. Han vart kjend i heimlandet i 2003 då han deltok i Story Suparnova Music Talents – den fyrste kroatiske versjonen av Idol. Han enda på sjuandeplass. Året etter starta han trioen Saša, Tin & Kedžo saman med Saša Lozar og Tin Samardžić,.[3] Dei gav seinare ut albumet Instant.[4][5][6] Debutsingelen til gruppa «365» toppa den kroatiske hitlista i seks veker.[7] I 2005 vart band oppløyst, og Kedžo tok deretter eit pauseår.[8]
I 2006 vann Kedžo ein pris under musikkfestivalen Melodije Istre i Kvarnera, i klassa beste debutartist med songen «Ki bi sad reke», og året etter fekk han ein pris for beste framføring med songen «Kanet na vetru».[8]
I 2010 vann Kedžo fyrstepremie i den internasjonale songtevlinga Slavianski Bazaar i Kviterussland, og i 2011 deltok han i songtevlinga Dora, Kroatias svar på Melodi Grand Prix. Etter fleire år vekke frå rampelyset, vann han i 2016 den kroatiske versjonen av Your Face Sounds Familiar med ein imitasjon av Mariah Carey.[9]
I 2020 deltok Kedžo på nytt i Dora, denne gongen med songen «Divlji vjetre». I finalen 29. februar 2020 vann han tevlinga og skulle dimed representere Kroatia i Eurovision Song Contest 2020, i Rotterdam i Nederland, men Eurovision Song Contest vart avlyst på grunn av koronavirusutbrotet i 2020.
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Album
[endre | endre wikiteksten]- 2008 – Damir Kedžo
Singlar
[endre | endre wikiteksten]- 2017 – «Sve u meni se budi» (med Zsa Zsa)
- 2017 – «Ljubavi moja»
- 2018 – «Vojnik ljubavi»
- 2018 – «Mi protiv nas» (med Domenica Žuvela)
- 2018 – «Šuti»
- 2019 – «Srce mi umire za njom»
- 2019 – «Vidi se izdaleka»
- 2019 – «Poljubi me sad»
- 2020 – «Divlji vjetre»
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Intervju s Damirom Kedžom pobjednikom treće sezone TLZP!» (på kroatisk). dnevnik.hr. 18. desember 2016. Henta 4. februar 2017.
- ↑ Farren, Neil (29. februar 2020). «Croatia: Damir Kedžo to Eurovision». eurovoix. Henta 29. februar 2020.
- ↑ «Story SuperNova: 'Zaštitari su nas čuvali gdje god smo išli...'» (på kroatisk). Henta 1. mars 2020.
- ↑ «Rafo snimio prvi singl "Ja sam Rafo"» (på kroatisk). Henta 1. mars 2020.
- ↑ «Damir Kedžo: 'Nemam prave prijatelje na hrvatskoj estradi'» (på kroatisk). Henta 1. mars 2020.
- ↑ «Rafo snimio prvi singl "Ja sam Rafo"» (på kroatisk). Index. 31. januar 2004. Henta 16. januar 2020.
- ↑ Krnić, Hana (3. juli 2019). «Damir Kedžo: Nemam prave prijatelje na hrvatskoj estradi» (på kroatisk). 24sata. Henta 16. januar 2020.
- ↑ 8,0 8,1 «Damir Kedžo - biografija.hr» (på kroatisk). biografija.hr. 19. desember 2016. Henta 4. februar 2017.
- ↑ «Damir Kedžo to represent Croatia at Eurovision 2020 in Rotterdam» (på engelsk). Henta 1. mars 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Damir Kedžo» frå Wikipedia på bokmål, den 5. desember 2021.