Dagmar Salén
Utsjånad
Dagmar Salén | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 22. mai 1901 Örebro |
Død | 20. desember 1980 (79 år) Stockholm |
Idrett | segling |
Tok del i | Sommar-OL 1936 |
Dagmar Salén (22. mai 1901–20. desember 1980) var ein svensk seglar som deltok i dei olympiske leikane i 1936 i Berlin.
Salén var fødd Mörner. I 1931 gifta ho seg med reiaren Sven Salén (1890–1969). Dei fekk sonen Sven H. Salén.[1]
Salén vann olympisk bronsemedalje i segling under Sommar-OL 1936 i Berlin. Ho var med på den svenske båten «May Be» som kom på tredjeplass i 6-metersklassen bak britiske «Lalage» og norske «Lully II». Seglingane blei avvikla utanfor Kiel i perioden 4.-12. august 1936. Mannskapet på «May Be» var Sven Salén, Lennart Ekdahl, Martin Hindorff, Torsten Lord og Dagmar Salén.
OL-medaljar
[endre | endre wikiteksten]- 1936 Berlin – Bronse i segling, 6-metersklassen Sverige
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Salén, Sven G i Vem är Vem? : Stor-Stockholm (2:a upplagan, 1962)
- Denne artikkelen bygger på «Dagmar Salén» frå Wikipedia på bokmål, og «Dagmar Salén» frå Wikipedia på svensk den 22. desember 2019.