Courbevoie
Utsjånad
Courbevoie | |
---|---|
Styresmakter | |
Land Region Departement |
Frankrike Île-de-France Hauts-de-Seine |
Geografi | |
Flatevidd | 4,17 km² |
Flatevidd - By |
4,17 km² |
Innbyggjarar - By (2006) - folketettleik |
80 710 19 355/km² |
Koordinatar | 48°53′49″N 02°15′23″E / 48.89694°N 2.25639°E |
Høgd over havet | 40 m |
Diverse anna | |
Heimeside: www.ville-courbevoie.fr |
Courbevoie er ein kommune og by i dei nordvestlege forstadane til Paris i Frankrike. Han ligg 8,2 km frå Paris sentrum i departementet Hauts-de-Seine, og har eit folketal på om lag 80 000 innbyggjarar fordelt på om lag 4 km². Dermed er Courbevoie ein av kommunane i Europa med størt folketettleik.
La Défense, Paris sitt forretningsstrøk med dei høgaste bygningane i storbyområdet, ligg i den sørlege delen av Courbevoie (distriktet ligg òg i Puteaux og Nanterre).
Namn
[endre | endre wikiteksten]Namnet Courbevoie kjem frå det latinske ordet Curva Via og tyder «svingete hovudveg», visstnok ein referanse til ein romersk veg frå Paris til Normandie, som hadde ein skarp sving over åsen der Courbevoie ligg.