Cosimo Tura
Cosimo Tura | |
Fødd | 1430 Ferrara |
Død | |
Yrke | kunstmålar, tapestry designer |
Språk | italiensk |
Cosimo Tura på Commons |
Cosimo Tura (1433–1495), også kjend som Cosmè Tura, var ein italiensk målar under den tidlege renessansen, kjend som quattrocento. Han vert rekna som den fremste aktøren mellom skaparane av Ferrara-skulen.[1]
Liv og gjerning
[endre | endre wikiteksten]Tura var fødd i Ferrara og gjekk i lære hos Francesco Squarcione i Padova. Seinare gjekk han i teneste for hertugane Borso og Ercole I d'Este. Frå seinaste 1460 var hoffmålar i Ferrara. Francesco del Cossa og Francesco Bianchi var mellom elevane hans. Sjølv synest han å ha vore påverka av stilane til quattrocentistane Andrea Mantegna og Piero della Francesca.
Åra 1469-71 måla Tura freskar i Palazzo Schifanoia. Dette underhaldnings-palasset, som d'Este-familien eigde, låg den gongen rett utanfor bymurane. Saman med Francesco del Cossa laga Cosimo Tura ein omfattande serie med allegoriske verk over månadene i året og teikna i dyrekrinsen. I serien vart fletta inn portrett av samtidige musikantar, arbeidarar og karnevalsflåtar i idylliske paradar. Til liks med i Piero della Francesca si biletverd, framstår figurane i ei klassisk ro.
I 1469 måla Tura orgeldørene i domkyrkja med motivet Kunngjeringa. Han måla det som er rekna som dei to hovudverka sine, altertavlene i London og Berlin, i 1470-åra. Pietà som no er i Museo Civico i Venezia er truleg yngre.[1]
Han deltok i målinga av ein serie muser i eit arbeidsrom som tilhøyrde Leonello d'Este, der i mellom ei allegorisk framstilling av Kalliope.
Store delar av produksjonen til Tura er tapt, mellom anna portretta frå tida ved hoffet til familien d'Este i Ferrara.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Cosimo Tura», Store norske leksikon, 15. februar 2009
- Denne artikkelen bygger på «Cosimo Tura» frå Wikipedia på engelsk, den 1. oktober 2013.