Continued
Continued Studioalbum av Tony Joe White | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1969 | |
Innspelt | Oktober 1968 | |
Sjanger | Country, pop, blue-eyed soul, swamp rock | |
Selskap | Monument Records | |
Produsent | Billy Swan | |
Tony Joe White-kronologi | ||
---|---|---|
Black and White (1968) |
Continued | Tony Joe (1970) |
Singlar frå Black and White | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Continued [2] er det andre albumet til Tony Joe White. Det vart gjeve ut på Monument Records og inneheld singelen «Roosevelt and Ira Lee». Albumet vart spelt inn i Monument Studios i Nashville og Lyn-Lou Studios i Memphis i Tennessee i 1969. Det vart produsert av Billy Swan med lydteknikarane Tommy Strong og Mort Thomasson.
I 1997 vart albumet gjeve ut på ny av Warner Brothers med to bonusspor - «Watching The Trains Go By» og singelutgåva av «Old Man Willis». «Old Man Willis» vart spelt inn på ny for albumet.
Albumet inneheld songen «Rainy Night In Georgia» som vart gjort populær av R&B-songaren Brook Benton i 1970. Denne versjonen nådde fjerdeplassen på poplista og andreplassen på Adult Contemporary-lista i USA og selde til gullplate for ein million selde eksemplar. I 2004 vart denne versjonen rangert på 498. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.
Songen er sidan blitt spelt inn av mange andre artistar, som Ray Charles, Otis Rush, Randy Crawford, Tennessee Ernie Ford, Amos Garrett, Hank Williams, Jr., Shelby Lynne, John Holt, Nicky Thomas, i ein duett mellom Conway Twitty og Sam Moore, Aaron Neville, og reggaebandet The Gladiators.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av Tony Joe White.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Elements And Things» | 5:11 |
2. | «Roosevelt And Ira Lee» | 3:04 |
3. | «Woodpecker» | 2:42 |
4. | «Rainy Night In Georgia» | 3:35 |
5. | «For Le Ann» | 3:19 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «Old Man Willis» | 3:10 |
7. | «Woman With Soul» | 3:15 |
8. | «I Want You» | 5:17 |
9. | «I Thought I Knew You Well» | 4:12 |
10. | «The Migrant» | 4:00 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
11. | «Watching the Trains Go By» (Dewey Oldham og Wallace Pennington) | 3:03 |
12. | «Old Man Willis» (singelutgåva) | 3:06 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Tommy McClure – bass
- Sammy Creason – trommer
- James Milhart – trommer
- Mike Utley – organ
- Tony Joe White – gitar, munnspel
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Continued» frå Wikipedia på engelsk, den 24. januar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: