Hopp til innhald

Coats Land

Koordinatar: 77°00′S 27°30′W / 77.000°S 27.500°W / -77.000; -27.500
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei bratte isveggane ved Caird Coast sett av Shackleton-ekspedisjonen i januar 1915

Coats Land er ein region i Antarktis som ligg vest for Dronning Maud Land og dannar austkysten av Weddellhavet. Regionen strekkjer seg generelt frå nordaust til sørvest mellom 20º00´V og 36º00´V. Nordaustområdet vart oppdaga frå «Scotia» av William S. Bruce, leiaren for Den skotske nasjonale antarktisekspedisjonen, 1902-04. Han gav det namnet Coats Land kalla opp etter James Coats, Jr. og major Andrew Coats, dei to viktigaste støttespelaraen for ekspedisjonen.[1]

77°00′S 27°30′W / 77.000°S 27.500°W / -77.000; -27.500