Christin Hussong
Utsjånad
Christin Hussong | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 17. mars 1994 (30 år) Zweibrücken |
Idrett | friidrett |
Tok del i | athletics at the 2010 Summer Youth Olympics – girls' javelin throw, Friidrett under Sommar-OL 2016 – Spydkast kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2020 – Spydkast kvinner |
Christin Hussong (fødd 17. mars 1994) er ein tysk spjutkastar frå Zweibrücken. Ho vart i 2018 europameister i spjutkasting.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Hussong vart tysk meister i 2016 og 2018. Under EM-finalen i 2018 i Berlin sette ho både meisterskapsrekord og personleg rekord på 67,90 meter. Ho vann med ein margin på over seks meter til sølvmedaljøren. Året etter kom ho på fjerdeplass i verdsmeisterskapen i Doha. I 2019 og 2020 heldt Hussong fram sigersrekka i tysklandsmeisterskapane. Den 30. mai 2021 kasta ho 69,19 meter i polske Chorzow. Under sommarleikane 2021 i Tokyo enda ho på niandeplassen med 59,94 m.
Medalje og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- EM 2014 i Zürich: Nr 7 – 59,29 m
- VM 2015 i Beijing: Nr 6 – 62,98 m
- EM 2016 i Amsterdam: Utslått i kvalifiseringa (57,17 m=nr 17)
- OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 12 – 57,70 m
- VM 2017 i London: Utslått i kvalifiseringa (60,86 m=nr 17)
- EM 2018 i Berlin: Gullmedalje – 67,90 m
- VM 2019 i Doha: Nr 4 – 65,21 m
- OL i 2021 i Tokyo: Nr 9 – 59,94 m
- EM 2024 i Roma: Nr 4 – 61,92 m
- OL 2024 i Paris: Utslått i kvalifiseringa (59,99 m=nr 18)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Christin Hussong» frå Wikipedia på tysk, den 14. august 2023.