Hopp til innhald

Chris Woods

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Chris Woods


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 14. november 1959 (64 år)
Lincolnshire
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1990, VM i fotball 1986, EM i fotball 1988, EM i fotball 1992

Christopher Charles Eric Woods (fødd 14. november 1959) er ein engelsk tidlegare fotballspelar kjent frå sine periodar hos Norwich City, Rangers FC og Sheffield Wednesday. Han var målvakt, og spelte 43 landskampar for det engelske fotballandslaget i tida 1985-93.

Woods skreiv kontrakt med Norwich City i 1981. I 1985 var han med på å vinne den engelske ligacupen for laget, men rykka ved sesongslutt ned frå 1. divisjon. Året etter vart han overført til Rangers FC etter at Glasgow-klubben hadde tilsett Graeme Souness som lagsjef. I løpet av fem sesongar med det skotske topplaget vann Woods fire ligatitlar og like mange ligacupfinalar. I august 1991 la Sheffield Wednesday 1,2 millionar pund på bordet, hos Wednesday var han fast målvakt til han vart benkeslitar i 1995. Etter mellom anna eit beinbrot la han opp i 1998, då som Burnley-spelar.

Landslagsspel

[endre | endre wikiteksten]

Woods fekk sin landslagsdebut for England i 1985, men stod dei neste åra jamt i skuggen av Peter Shilton. Woods var med i troppa som deltok i VM i fotball 1986, utan å spele kamp. Under EM i fotball 1988 fekk han starte i Englands siste gruppespelkamp mot Sovjetunionen. I VM i fotball 1990 var han atter på reservebenken heile turneringa. Etter Shilton gav seg på landslaget fekk Woods tillit som fyrstemålvakt for England. Han spelte alle tre kampane i EM i fotball 1992 og begge VM-kvalifiseringskampane mot Noreg hausten 1992 og sommaren 1993. Den fyrste av desse enda uavgjort etter eit susande langskot frå Kjetil Rekdal, den siste med engelsk tap 0-2 gjennom nettkjenningar frå Øyvind Leonhardsen og Lars Bohinen.

  • Vinnar av den engelske ligacupen: 1985 med Norwich City
  • Skotsk seriemeister: 1987, 1989, 1990, 1991 med Rangers FC
  • Vinnar av den skotske ligacupen: 1987, 1988, 1990, 1991 med Rangers FC