Hopp til innhald

Cetinje

Koordinatar: 42°23′N 18°55′E / 42.383°N 18.917°E / 42.383; 18.917
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cetinje
Byvåpenet til Cetinje
Styresmakter
Land
Montenegro
Grunnlagd 1482
Borgarmeister Nikola Đurašković
Geografi
Flatevidd 910 km²
Innbyggjarar
 - By (2023)

14 465
Koordinatar 42°23′N 18°55′E / 42.383°N 18.917°E / 42.383; 18.917
Høgd over havet 650 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 81250
Telefon-retningsnummer +382 86
Bilnummer CT
Heimeside: www.cetinje.me
Plassering
Plassering av Cetinje
Plassering av Cetinje

Cetinje (kyrillisk Никшић, italiensk Cettigne, gresk Κετίγνη, Ketígni, tyrkisk Çetine) er ein by og ein kommune i Montenegro. Ved folketeljinga i 2023 hadde kommunen 14 465 innbyggjarar etter dei førebels resultata.[1]

Cetinje var tidlegare hovudstad i Montenegro og offisiell residens for presidenten av Montenegro. Kommunen har ein særleg status som historisk hovudstad og blir offisielt omtala som «den gamle kongelege hovudstaden Cetinje» (Prijestonica Cetinje / Пријестоница Цетиње).

Byen ligg sør i kommunen med same namn på ei lita karstslette omgjeve av kalksteinsfjell, inkludert Lovćen, «det svarte fjellet» som Montenegro har fått namnet sitt etter.

Cetinje er ein by med stor historisk arv og vart grunnlagd i 1482. Han var eit senter for montenegrinsk liv og er krubba til både montenegrinsk og serbisk kultur og eit religiøst senter for den ortodokse kyrkja. Dette og den lange tida byen klarte å stå imot invasjonen til Det osmanske riket gjorde at han vart kalla «Serbisk Sparta» (Српска Спарта).

Busetnader

[endre | endre wikiteksten]

I 2011 hadde kommunen 16 657 innbyggjarar.[2] Dei største busetnadene i kommunen var:

Folketal 2011[2]
Cetinje 13 918
Bajice 781
Rijeka Crnojevića 175
Zabrđe 119
Erakovići 95

Referansar

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]