Carmelita Jeter
Utsjånad
Carmelita Jeter | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 24. november 1979 (44 år) Los Angeles |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2012 |
Carmelita Jeter (fødd 24. november 1979) er ein USA-amerikansk friidrettsutøvar frå Los Angeles i delstaten California som tevlar i sprintdistansane 100 meter og 200 meter. Ho vart verdsmeister på 100 m under VM i friidrett 2011 og har elles vunne to VM-gull på 4 x 100 m stafett, samt OL-gull i same øvinga i 2012. Jeter har i tida 2007-13 sikra seg sju individuelle medaljar på 100 m og 200 m; VM-gull, VM-sølv, OL-sølv, tre VM-bronsar og ein OL-bronse. Hennar personlege rekordar er 10,64 sekundar (2009) på 100 m og 22,11 sekundar (2012) på 200 m.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Carmelita Jeter» frå Wikipedia på engelsk, den 16. august 2015.
Denne idrettsartikkelen som har med USA å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Kategoriar:
- Einskildkvinner
- Fødde i 1979
- Sprintarar frå USA
- Verdsmeistrar i friidrett
- Olympiske meistrar for USA
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for USA
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for USA
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2012
- USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2012
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012
- Folk frå Los Angeles