Hopp til innhald

Canica

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Canica AS er eit norsk investeringsselskap ått av Stein Erik Hagen (10 %), Caroline Marie Hagen (30 %), Carl Erik Hagen (30 %) og Nina Camilla Hagen (30 %).[treng kjelde]

Selskapet vart etablert i 1985 av Stein Erik Hagen for å kontrollera Rimi-kjeda, som Hagen etablerte i 1977. I 2004 vart kjeda seld til ICA.[treng kjelde]

Selskapet disponerer òg eit privatfly av typen Falcon 900EX EASy, som Hagen kjøpte i 2007 for 250 millionar kroner.[1] Privatflyet vert i dag operert av Sundt Air.[2]

Referansar
  1. Hagen kjøper fly til 250 mill.
  2. Sundt Air - Fleet