Hopp til innhald

Céline Dion

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Céline Dion

Fødd30. mars 1968 (56 år)
FødestadCharlemagne
FødenamnCéline Marie Claudette Dion
OpphavCanada
Aktiv1980–
Sjangerpop, elektronisk dansemusikk, rock, adult contemporary, danse-pop, poprock, softrock, chanson
Instrumentpiano, vokal
Stemmetypesopran
PlateselskapColumbia Records, 550 Music, Epic Records, CBS Records International, Legacy, Sony Music Canada, Sony BMG
Verka somsongar, skodespelar, stemmeskodespelar, pianist, restauratør, komponist, filmskodespelar, plateartist
MorThérèse Dion
FarAdhémar Dion
Gift medRené Angélil
BornRené-Charles Angelil, Nelson Angélil, Eddy Angélil
PrisarRidder av Æreslegionen, ridder av Ordre des Arts et des Lettres, Companion of the Order of Canada, offiser av Québecs nasjonalorden, Gaming Hall of Fame, æresdoktor ved université Laval, Canada’s Walk of Fame, stjerne på Hollywood Walk of Fame, Billboard Music Award for Icon, Chopard Diamond award, æresdoktor ved Berklee College of Music, Order of Canada, Québecs nasjonalorden, ordre de la Pléiade, Dronning Elisabeth IIs gulljubileumsmedalje, Queen Elizabeth II Diamond Jubilee Medal, American Music Award for Favorite Pop/Rock Female Artist, American Music Award for Favorite Adult Contemporary Artist, Arion Music Awards, Bambi-prisen, Banff World Media Festival, Grammy Award for Best Pop Performance by a Duo or Group with Vocals, Grammy Award for Album of the Year, Blockbuster Entertainment Awards, Grammy Award for Best Country Collaboration with Vocals, Grammy Award for årets innspilling
Céline Dion syng «God Bless America» om bord på USS Harry S. Truman 2. mai 2002

Céline Marie Claudette Dion (fødd 30. mars 1968) er ein kanadisk songar frå Charlemagne i den fransktalande provinsen Quebec i Canada. Ho er spesielt kjend for songen «My Heart Will Go On» frå filmen Titanic frå 1997.

Celine Dion byrja karrieren sin som lokal artist i Quebec, men vart etterkvart godt kjend i heile den fransktalande verda. Det første albumet hennar, La Voix du Bon Dieu, kom ut i 1981. Ho har også tatt spranget over i den engelskspråklege platemarknaden. Dette skjedde ved lanseringa av det første engelskspråklege albumet hennar, Unison i 1990. Ho har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.

I Noreg vart Dion første gong lagt merke til av eit større publikum i 1988 da ho stilte opp for Sveits i Eurovision Song Contest i Dublin og vann med songen «Ne partez pas sans moi».