Hopp til innhald

Brukardiskusjon:Frokor/Arkiv/2006

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hei og velkomen til Nynorsk Wikipedia, Frokor! Dersom du lurer på noko er det berre å spørje!. Venleg helsing Ekko 11:54, 7 september 2006 (UTC)

Hei og velkomen frå meg òg! Eg føreslår at du tek ein kikk på stilmanualen vår for å sjå korleis artiklar bør setjast opp og korleis du enkelt kan formatere tekst. Du kan finne ei grei innføring til korleis Wikipedia fungerer her. --EIRIK\diskusjon 14:03, 7 september 2006 (UTC)
Det er fint om du har tid til å sjå på artikkelen om fønvind, dfette veit du visst noko om. --Ekko 05:14, 8 september 2006 (UTC)
Hei til deg, Frokor, frå din kollega frå Os! Kjekt å sjå deg her! Fil:Order of Smile.png
--Verdlanco\ordskifte 18:21, 22 september 2006 (UTC)
Velkomen frå meg òg. Eg har skumma gjennom det du har gjort til no og er svært imponert over kvantiteten og ikkje minst kvaliteten! Hald fram på den måten, så skal du sjå at alle dei raude lenkjene forsvinn om ei stund. --Bep 18:02, 29 desember 2006 (CET)

Eg er litt skeptisk til det, men skikken er visst å ta vare på desse trykkleifane og heller lage omdirigeringar. Du får flette innhaldet inn i høgtrykk som alt er oppretta. --Anders 22:44, 21 september 2006 (UTC)

Ah, ok. Trudde dei berre vart sletta eg. --Frokor 23:05, 21 september 2006 (UTC)

Meterologi

[endre wikiteksten]

Eg tykkjer artiklane dine om meterologi er svært gode. Sjølv om det regnar mykje der eg kjem frå, veit eg ikkje noko særleg om dette området. Artiklane dine er difor svært opplysande for slike som meg. Dette kan verta ei Wikibok på sikt. --Sigmundg 10:32, 28 oktober 2006 (UTC)

Takkar for det! Som meteorolog er det svært interessant og kjekt å skrive om, sjølv om eg overset ein del ting frå engelsk. Friskar opp at ting eg nesten hadde gløymt, og av og til lærer eg noko nytt i prosessen eg òg. Prøver å legge det opp mot norske forhold der det er mogeleg. -- Frokor 12:38, 28 oktober 2006 (UTC)
Eg las om vind (kuling, bris og storm), men stussa på ein ting: Skal ikkje den oppgitte vindstyrken vere ein målt gjennomsnittsvindstyrke over ei viss til (10 minutt eller så)? - Slik at eit vindkast på 22 m/s (som høyrer til i ein vanleg nordvestkuling) ikkje kan kallast ein storm, meteorologisk sett? - Knut 22:25, 27 august 2007 (CEST)
Det stemmer det, Knut! Ser det ikkje er nemnd i artiklane om vindstyrkar, men skal vere nemnd i artikkelen om vind trur eg. Amerikanarane måler derimot vind i 2-minuttmiddel og derfor er orkanane «deira» ofte «sterkare» enn andre stader på jorda der dei vert målt i 10-minuttmiddel. Det er i alle fall lettare å kome i ein høgare kategori på den måten... --Frokor 22:57, 27 august 2007 (CEST)
Då reknar eg med at du presiserer artiklane ved høve. Det irriterer meg når sensasjonshungrige journalistar overdriv, som var dei amerikanarar heile gjengen. Vi som les nynorskwikipedia bør vere retteleg opplyste. - Knut 23:59, 27 august 2007 (CEST)
Heilt einig. Eit godt gamaldags uvêr finns ikkje i avisene lenger. Det er anten normalt (då skriv dei ingenting) eller ekstremt, uansett kor mykje me meteorologar masar på journalistane. Skal sjå om eg får tatt ein kikk på det i morgon. --Frokor 00:05, 28 august 2007 (CEST)

Oseanografar

[endre wikiteksten]

Burde det ikkje heita havforsking og havforskarar? --Tannkrem 21:32, 6 november 2006 (CET)

Nei, det heiter oseanograf. Eg burde vite det som har studert og jobba med mange av dei. Oseanograf - oseanografi som i meteorolog - meteorologi. Oseanografar er sjølvsagt ein slags havforskar og. Men då kan ein like gjerne kalle meteorologar for fysikarar. For meteorologi er ikkje noko anna enn fysikk i atmosfæren. --Frokor 22:34, 6 november 2006 (CET)
OK, viss det er ordet ein brukar, så. Men i ordboka ser det ut til å vera synonymt: [1] Så eg lagar omdirigeringar. --Tannkrem 22:38, 6 november 2006 (CET)
Jo, det kan eg vere einig i. --Frokor 22:39, 6 november 2006 (CET)
Eller når eg tenker meg om så kan jo havforsking vere mykje meir enn oseanografi. Oseanografi er ein del av havforskinga, men havforsking kan òg vere forsking på fiskebestandar og anna biologi i havet. Havforskingsinstituttet forskar jo på både havbiologi og oseanografi. Oseanografi er den fysiske delen av havforskinga. --Frokor 22:44, 6 november 2006 (CET)
Kva kallar me dette?

Før eg lastar opp dette biletet på Commons skulle eg gjerne kunne sei kva slags tåke/dis dette er. Jamnt overskya dag i november, 6-7 varmegradar. Biletet er teke rett før solnedgang, temperaturen fall brått. Disen blei danna og forsvann igjen på om lag tre kvarter. Kva heiter dette? --Ekko 20:32, 7 november 2006 (CET)

Eg vil nok tru at det er strålingståke, sjølv om denne oftast oppstår i klårvêr. Visst det var stille og roleg vêr er det nok strålingståke, og det stemmer òg bra med at temperaturen fall brått. --Frokor 21:29, 7 november 2006 (CET)

Eg såg ein stad at du har planar om å skriva artiklar om klima i ulike land. Klima i Afrika er døme på artikkel om klima i ein verdsdel. Er det ein idé å skriva om klima i verdsdelane, for så å arbeida seg ned til dei ulike landa? --Gunnernett 12:18, 5 desember 2006 (CET)

Joda, det kan nok vere ein idé. Eg starta med Klima i Europa, før eg prøvde meg på eit par land. Har tenkt å fortsette med den planen. --Frokor 13:49, 5 desember 2006 (CET)

Desse er blitt flotte artiklar, med god tekst og ofte svært vakre bilete! Etter kvart som det blir fleire av dei bør me nok putta dei i smalare kategoriar enn kategori:klima (slik at ikkje andre, meir generelle klimaartiklar druknar). Me kan dela opp i verdsdelar som «Klima i Europa» (dette vil passa med mykje anna kategorisering), eller kanskje ha ein kategori med «Klima i ulike område» (eller noko anna og meir velklingande). --Ranveig 18:20, 17 desember 2006 (CET)

Nokre av klimabitane eg har plassert på landartiklane er så pass små at dei sikkert kan bli verande der. Andre er kanskje i det lengste laget, sjølv om ein fyller ut resten av landartiklane med historie, geografi osv. Så desse kan kanskje flyttast etter kvart. Foreløpig er det ikkje så mange artiklar med «Klima i...» og eg har kanskje 5-10 slike igjen eg har tenkt å skriva. Det er nok likevel kanskje best å plassere dei i ein eigen kategori, sidan den i tillegg potensielt kan vekse. Kva med «Klima i verda»? «Klima på Jorda» eller noko slikt? Klima i ulike verdsdeler (som Klima i Europa) kan kanskje bli litt for snevert i første omgong? --Frokor 19:33, 17 desember 2006 (CET)
«Klima i verda» liker eg, det minner meg på at me òg har klima å snakka om andre stader. --Ranveig 22:29, 18 desember 2006 (CET)
Ja, det var verkeleg andre stader òg det :-) Men dette har iallefall ikkje eg så mykje kunnskap om. No har eg uansett flytta alle dei aktuelle over i Klima i verda --Frokor 23:23, 18 desember 2006 (CET)

Artiklar og diskusjonar

[endre wikiteksten]

Hei. Du lagar utruleg mange lange og gode artiklar. Det hadde vore kjekt om du har lyst til å vere med å stemme eller lage nye framlegg til Wikipedia:Gode artiklar. Det er berre å spørre dersom du lurer på andre ting. :-) --EIRIK\diskusjon 13:25, 23 desember 2006 (CET)

Takk for det! Og joda, eg kan godt vere med å stemme og lage framlegg. Eg har fulgt med på diskusjonane så langt. Men eg har litt problem med å legge framlegg om mine «eigne» artiklar :-) Men andre artiklar kan eg godt vere med på --Frokor 13:33, 23 desember 2006 (CET)

Takk for innsatsen! På vegne av vanvittig mange: Ekko 15:25, 23 desember 2006 (CET)

Takk for tilbakemelding! Skulle eg byrje på eit musikkprosjekt, kunne eg jo like gjerne byrje på toppen ;-) --Frokor 15:28, 23 desember 2006 (CET)

Artiklar om songar

[endre wikiteksten]

Hmm... eg trur ikkje me treng artiklar om kvar einaste Pink Floyd-song (eller Beatles, eller Take That) i eit allmennleksikon. Det kan lett bli mange detaljar som ikkje høyrer heime her av det. Eg føreslår å la dei som verkeleg peiker seg ut få ha eigne artiklar, medan andre kan omtalast i artikkelen om albumet. --Ranveig 14:58, 26 desember 2006 (CET)

Tja, dersom ein har noko å seia om ei berømt låt, ser eg ingen grunn til ikkje å skriva ein artikkel om henne. Til skilnad frå papirleksika er det ikkje plassmangel i Wikipedia!
Éin stad bør vi nok dra grensa for kva som er verdt å skriva om, men eg har ikkje noko imot artiklar om superkjende songar (og då kjem ein neppe utanom ein god del av Pink Floyd sitt repertoar).
--Verdlanco\ordskifte 15:14, 26 desember 2006 (CET)
Eg har ingen planar om å lage artiklar om kvar einaste Pink Floyd-song heller. Dette er songar som har vore med på og er viktige i ein rockehistoriesamanheng, så eg har tenkt å lage eit par artiklar til, mellom anna resten frå The Wall og eit utval (men ikkje alle) frå andre plater av Pink Floyd. Eg kjem etter kvart til å utvide med ein heil del andre musikkgrupper, men det kjem antakeleg til å bli lite om songar og antakleg få om album òg trur eg, bortsett frå dei viktigaste. No har eg byrja med eit av dei viktigaste og salsmessig største rockebanda i historia, og på grunn av det vert det meir om desse enn til dømes Take That. Beatles, som vert nemd over her, synes eg òg fortener ein god del skrive om seg (kanskje enno meir enn Pink Floyd), sjølv om det kanskje ikkje blir av meg. Pink Floyd hadde eit par album som var svært banebrytande både lydmessig og strukturmessig i rockehistoria, og desse syns eg bør få vere med. Kanskje ikkje eit godt argument, men The Wall har t.d. seld over 30 mill album i verda så ein viss interesse for albumet trur eg nok at det er. Dessutan har me artiklar om spesifikke færøyske folkeviser, årsaka til å ta desse med er ukjend for meg, men er sikkert god. For min del er det minst like viktig å ha artiklar om viktige hendingar i rockehistorien (som spesifikke artiklar om album og songar), som om sikkert viktige folkeviser frå forskjellige land. --Frokor 18:39, 26 desember 2006 (CET)
Fint, då har me eigentleg same synet. Eg tenkte bare eg skulle ila til med ei åtvaring då eg såg at kvar einaste song frå eit album var lenka til, før du gjorde mykje arbeid som kanskje ville vera unødvendig. Eg er einig i at me bør skriva om viktige songar, men dei bør vera viktige i seg sjølve -- ikkje berre fordi dei er med på eit visst album. I så fall er det albumet som skal ha ein god og fyldig artikkel. Grunnen til at eg er så redd for dette er at eg har sett mange artiklar om Beatles-songar som hovudsakleg er ryktevas. --Ranveig 19:20, 27 desember 2006 (CET)