Hopp til innhald

Brukardiskusjon:AlexanderMG

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Velkommen til Nynorsk Wikipedia

Det frie oppslagsverket der alle kan delta

Hei og velkommen til Nynorsk Wikipedia, AlexanderMG! Her kjem nokre lenker, der du kan...

læra korleis du endrar ei side
læra korleis du opprettar ein artikkel
lesa om grunnprinsippa på Wikipedia
få svar på ofte stilte spørsmål

For annan informasjon om Wikipedia og arbeidsoppgåver kan du vitja arbeidskontoret, og på samfunnshuset kan du ta opp spørsmål og diskutera saker som har med Wikipedia å gjera. Dersom du lurer på noko er det berre å spørja! --Frokor 18. november 2011 kl. 04:18 (CET)[svar]

Takk! --AlexanderMG 18. november 2011 kl. 18:18 (CET)[svar]

Ein fugl føniks kanskje? Lykke til som ny. --KRISTAGAα-ω 21. november 2011 kl. 03:42 (CET)[svar]

Hei, fint om at du rettar nynorsken min, den er framleis lettare ustø. Men ikkje verre enn at eg meiner å vite at både «først» og «kjent» er lovlege nynorskformer. Som dei fleste andre likar eg å skrive så nært opp til talemålet mitt som mulig, men om det finst ein språkleg konsensus på nn:wp eg ikkje har fått med meg skal eg sjølvsagt rette meg etter det – eller gå tilbake til å skrive som eg snakkar (standard sentralaustlandsk). Men da må eg tilbake til kranglefantane på nb:wp og eg er villig til å svelge ein språkpolitisk kamelflokk for å sleppe det :-) Mvh --Kaitil 28. november 2011 kl. 19:27 (CET)[svar]

Står det i nynorskordboka så er det lovleg her òg. Einaste er om ein artikkel (som regel skriven av fleire) inneheld fleire former av same ord (først/fyrst). Då er det greit for å ha konsistente former i artikkelen. --Frokor 28. november 2011 kl. 22:45 (CET)[svar]
Beklagar, sjølv brukar eg «fyrst» og «kjend», og visste eigenleg ikkje at begge delar var lov. Takk for at du gav melding, så no veit eg det. :) --AlexanderMG 28. november 2011 kl. 22:52 (CET)[svar]
Ingen problem for min del, eg ville bare seie frå om at eg plukkar austnorske sideformer bevisst, og vil bruke dei som er godkjende. Eg lar det stå slik du endra det til, for eg ser liten hensikt i å bruke tid på noe som er rett, enten det er rett på eine eller andre måten. --Kaitil 29. november 2011 kl. 21:51 (CET)[svar]

Gresk transkripsjon

[endre wikiteksten]

Hei! Godt å sjå at det er fleire som arbeider med greske tema. Dersom du ikkje skulle vere klar over det, så finn du dei offisielle språkrådsreglane for transkripsjon av nygresk til norsk her: [1]. Der vil du mellom anna sjå at kombinasjonen "ντ" skal transkriberast med "nd" (i samsvar med uttalen i gresk), slik at t.d. Αντώμης vert Andónis. Beste helsing T*U 27. desember 2011 kl. 18:52 (CET)[svar]

Takk for tipset. --AlexanderMG 27. desember 2011 kl. 19:06 (CET)[svar]

Kommun eller kommune?

[endre wikiteksten]

Hei! Eg skulle gjerne hatt di meining om denne kategoridiskusjonen; dersom du har ei. Det dreier seg om det er mest rett å skriva "kommun" eller "kommune" når det gjeld svenske kommunar. Det har vore diskutert før, utan at folk vart samde. Eg har sjølv lagt fram nokre argument for kvifor "kommune" er ei god løysing, men dette er ikkje meint som overtaling til at du skal ta mitt syn. Eg meiner berre at det er ein diskusjon som får konsekvensar, og då vil eg gjerne ha fleire synspunkt enn berre mitt og Ranveig sitt. :) HallvardLid 20. februar 2012 kl. 23:13 (CET)[svar]

Dette var ein vanskeleg spurnad. Eg ville nok nytta «kommun» sidan det er namnet på ein stad, sjølv om dette er Nynorsk Wikipedia. Men så omset ein jo namn på land og byar, så kanskje det er meir riktig å nytte «kommune». Men nyttar ein «kommune», så hadde det vel kanskje vore riktig å flytte til dømes Jämtlands län til Jämtlands fylke? Det burde i alle fall vere likt for alle slike namn (altså namn som fylke, kommune, provins osb). Nyttar ein «kommune» i staden for «kommun», bør ein nytte «fylke» i standen for «län». Men svaret frå meg vert «kommun». (Eg er enno i tvil om kva som er best, men eg kan heller forandre svaret om eg kjem på nokre gode argument for/imot kommun/kommune.) --AlexanderMG 21. februar 2012 kl. 15:25 (CET)[svar]
Takk for svar! Eg flyttar dette til kategoridiskusjonen. HallvardLid 21. februar 2012 kl. 15:27 (CET)[svar]

Hei. Eg såg du har rulla attende versjon 2005373 av 89.8.196.219 kor IP-en la inn at artikkelen manglar kjelder og du skriv i redigeringsforklaringa at teksten har kjelder. Nei, det har den ikkje. Den engelske artikkelen har kjelder, ikkje den nynorske. Mvh.--Anne-Sophie Ofrim (diskusjon) 19. mai 2012 kl. 07:25 (CEST)[svar]

I fylgje Brukar:Knut er engelsk wikipedia ein kjelde. På diskusjonssida til Bryllaupet mellom fyrst Albert II og Charlene Wittstock skriv han mellom anna at «dersom engelsk wikipedia er kjelda, så er det kjelda». --AlexanderMG (diskusjon) 19. mai 2012 kl. 07:44 (CEST)[svar]
Vel, vel. ;-O) Mvh.--Anne-Sophie Ofrim (diskusjon) 19. mai 2012 kl. 08:54 (CEST)[svar]

Melodix Grand Prix

[endre wikiteksten]

Fint du tar jobben og held nnwp oppdatert på dette området. Dette er viktige artiklar, med mange potensielle lesarar. Det er mange som lurer på kven som kom på andreplass det året Noreg vann, men når var no det! Sjølv er eg så gammaldags at eg kallar konkurransen med det gamle namnet, så eg er for analfabet å rekne og har lite å bidra med. --Knut (diskusjon) 27. mai 2012 kl. 10:05 (CEST)[svar]