Borghild Niskin
Borghild Niskin | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 19. februar 1924 Hole kommune |
Død | 18. januar 2013 (88 år) |
Idrett | alpint |
Tok del i | Vinter-OL 1956, Vinter-OL 1952, Vinter-OL 1948 |
Utmerkingar | Holmenkollmedaljen |
Borghild Solveig Niskin (19. februar 1924–18. januar 2013) var ein norsk alpinist frå Hole i Buskerud. I tida 1946-56 vann ho 17 NM-titlar. Ho vart som fyrste kvinne tildelt Holmenkollmedaljen i 1956.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Borghild Niskin, fødd Hansen på Sollihøgda i Hole, tok sitt fyrste noregsmeisterskap då ho i 1946 vann den fyrste av fem norske meistertitlar i slalåm. Ho debuterte i olympiske leikar under Vinter-OL 1948 i St. Moritz, der ho saman med Laila Schou Nilsen utgjorde Noregs kvinnelag. Hennar beste plassering var ein 19. plass. Betre gjekk det ikkje i VM 1950 i Aspen, der ho kom på 23. plass i utfor. Under OL 1952 på heimebane i Oslo vart ho beste norske deltakar med sjetteplass i storslalåm.
Etter gode prestasjonar i alpin-VM 1954 i Åre, der ho vart nummer åtte i utfor og i kombinasjonen, fylgde ho opp med sine beste resultat under Vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo. Med åtte tidels sekund opp til bronsevinnaren Thea Hochleitner vart ho nummer sju i storslalåm. Tidene frå dei olympiske tevlingane i slalåm og utfor vart rekna saman som ei VM-øving i kombinasjon; her kom Niskin på femteplass. OL-sesongen 1956, hennar siste sesong, vart avslutta med at ho tok sitt sjuande NM-gull i utfor.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Borghild Niskin» frå Wikipedia på tysk, den 9. desember 2013.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1924
- Døde i 2013
- Norske alpinistar
- Vinnarar av Holmenkollmedaljen
- Norske deltakarar under vinter-OL 1948
- Alpinistar under vinter-OL 1948
- Norske deltakarar under vinter-OL 1952
- Alpinistar under vinter-OL 1952
- Norske deltakarar under vinter-OL 1956
- Alpinistar under vinter-OL 1956
- Folk frå Hole