Bolsjaja Koksjaga
Bolsjaja Koksjaga | |||
elv | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 6 330 km² | ||
Lengd | 297 km | ||
Middelvassføring | 95,7 m³/s | ||
Munning | Kujbysjevskoje-reservoaret i Volga | ||
Bolsjaja Koksjaga 56°08′35″N 47°47′29″E / 56.143055555556°N 47.791388888889°E | |||
Wikimedia Commons: Bolshaya Kokshaga River |
Bolsjaja Koksjaga (russisk Большая Кокшага; marisk Кугу Какшан, Kugu Kakšan) er ei elv i Kirov oblast og Mari El i Russland og ei av sideelvane til Volga frå venstre. Elva er 297 km lang og har eit nedslagsfelt på 6 330 km². Elva tilførsel av vatn frå snø og regn, og frå november til april er elva vanlegvis islagd.
Elva spring ut frå barskogane i Kirov oblast der området er tynt folkesett av russarar og marifolket. Dei største busetjingane ved Koksjaga er Kiknur og Santsjursk i Kirov oblast. I Mari El renn elva gjennom Marisenkinga, der ein finn blandingsskog og myrområde. Her finn ein òg Bolsjaja Koksjaga-reservatet. Bolsjaja Koksjaga renn òg gjennom Kujbysjev-reservoaret, og så ut i Volga nær Koksjaisk i Mari El.
Den største sideelva til Bolsjaja Koksjaga er Bolsjoj Kundysj.
Rafting
[endre | endre wikiteksten]Rafting er populært på Bolsjaja Koksjaga om våren frå april til mai. Om sommaren vert elva grunn og blokkert av tømmerstokkar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Bolshaya Kokshaga River» frå Wikipedia på engelsk, den 27. oktober 2008.