Blodhemn
Utsjånad
Blodhemn er drap for å hemne drap på ein slektning. Slekta til ein drepen person let drapsmannen, eller ein or slekta til drapsmannen, drepe. Blodhemn er typisk for ættesamfunn utan noko sterk sentral styringsmakt, der ætta tek hand om rettshandhevinga. I den tidlegaste nordiske lovgjevinga freistar lovgjevarane å tøyme skikken, som vart halden for å vere plikt. Blodhemn har vore skikk i samfunn mange ulike stader i verda.