Bjørnstjerne Bjørnson-Akademiet
Bjørnstjerne Bjørnson-Akademiet, Det Norske Akademi for Litteratur og Ytringsfrihet er eit norsk litterært akademi grunnlagt av forfattaren Knut Ødegård i 2003. Det har som føremål å «arbeide for fremme av litteratur og for kunnskap om også andre litterære og kulturelle ytringsformer enn de som tilhører vår egen kulturkrets, også for ytringsfrihet i Bjørnstjerne Bjørnsons ånd [...].»[1]
Medlemmar i akademiet er framstående norske og utanlandske forfattarar, forskarar, journalistar og politikarar. President er Hege Newth Nouri. Knut Ødegård var president frå 2003 til 2014. Ine Harrang er administrativ leiar.
Bjørnsonprisen
[endre | endre wikiteksten]Akademiet deler årlig ut den internasjonale Bjørnsonprisen til personar eller en institusjonar som har «bidratt i stor grad i en internasjonal sammenheng innen det området som omfattes av akademiets formål.»[2] Prisutdelinga skjer seint om hausten, i samband med det årlege seminaret til foreininga på Bjørnsonhuset i Molde. Prisen består av 100 000 kroner, ein statuett av Hagbart Solløs, og eit diplom av Ellen Maria Heggdal.
Mottakarar av prisen er:
- 2004 — Vivian Fouad og Samir Morcos (Egypt), brubyggjarar mellom muslimar og kristne[3]
- 2005 — Esma Redzepova (Makedonia), forkjempar for sigøynarar og barn[3]
- 2006 — Hrant Dink,[3] sjefredaktør for det armenske tidsskriftet Agos (Istanbul), for sitt oppgjer med den tyrkiske behandlinga av armenarane
- 2007 — Adonis[3] (psevdonym for Ali Ahmad Said Asbar), syrisk-libanesisk lyrikar, brubyggjar mellom religiøse og nasjonale grupperingar i Midtausten
- 2008 — Ola Larsmo, svensk forfattar, for nytt fokus på antisemittisme i Norden[3]
- 2009 — Grigorij Pomerants (Russland) filosof og Zinaida Mirkina (Russland) diktar, for arbeid for ytringsfridom i Russland[3]
- 2010 — Einar Már Guðmundsson, islandsk forfattar og Milan Richter, slovakisk lyrikar og intellektuell[3]
- 2011 — Ola Didrik Saugstad og Marte Wexelsen Goksøyr[4]
- 2012 — Biskop Thomas av al-Qusiyya og Mair, Wojoud Mejalli og David Zonsheine[5]
- 2013 — Yaşar Kemal [6]
- 2014 — Kristin Solberg[7]
- 2015 — Edward Snowden, for «hans arbeid for personvernet, og for å rette et kritisk søkelys mot staters overvåkning av sine og andres innbyggere».[8]
- 2016 — Cecilia Dinardi, «for hennes omfattende, langvarige og uegennyttige faglige og menneskelige innsats for barn og unge asylsøkeres rettigheter.»[9]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Akademiet, bjornsonakademiet.no, arkivert frå originalen 21. september 2016, henta 20. november 2016
- ↑ Bjørnsonprisen, bjornsonakademiet.no, arkivert frå originalen 21. november 2016, henta 20. november 2016
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 Bjørnsonprisen, 03/07/2013, arkivert frå originalen 6. august 2017, henta 6. august 2017
- ↑ Bjørn Ivar Voll (19.10.2011), Bjørnsonprisen for første gong til to nordmenn, NRK.no
- ↑ «Disse tre deler Bjørnsonprisen», NRK Møre og Romsdal, 11. oktober 2012. Besøkt 3. november 2012.
- ↑ rbnett.no Bjørnsonprisen til Yaşar Kemal 09. oktober 2013
- ↑ Bjørnsonprisen til journalist Kristin Solbergl 23. september 2014
- ↑ Steinar Solås Suvatne (2. juni 2015), «Edward Snowden får Bjørnson-prisen og inviteres til Norge», Dagbladet
- ↑ Bjørnsonprisen 2016 til Cecilia Dinardi, bjornsonakademiet.no, 31/05/2016, arkivert frå originalen 29. desember 2016, henta 20. desember 2016
- Denne artikkelen bygger på «Bjørnstjerne Bjørnson-Akademiet» frå Wikipedia på bokmål, den 20. november 2016.