Birger
Utsjånad
Birger og Berger er mannsnamn som kjem frå norrønt Birgir eller Byrgir og tyder 'hjelpsam' eller 'hjelpar'. Til moderne norsk har det truleg komme frå svensk. Variantar av namnet er Berge, Børge og Børre.
Birger har namnedag 21. oktober.
Bruken av namnet i Noreg
[endre | endre wikiteksten]I folketeljinga i 1801 vart sju personar manntalsførte med namnet Birger, seks av dei budde i Davik. Det var nokre hundre brukarar av dei andre namnevariantane.
I teljinga frå 1900 var det 2 500 personar som het Birger, og minst 1 000 med dei andre namnevariantane. Sidan har bruken av namnet gått attende.
I 2007 var det 3 700 som hadde Birger til første fornamn, og nokre få hundre bruka dei andre variantane av namnet.
Kjende namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Birger Brosa (1200-talet)
- Birger jarl (1200-talet)
- Birger Kildal (1849-1913), norsk finansminister
- Birger Anneus Hall (1858-1927), norsk prest
- Birger Stuevold-Hansen (1870-1933), norsk jurist og politikar
- Birger Sjöberg (1885-1929), svensk forfattar og visesongar
- Birger Berthils (1891-1967), norsk kunstmålar
- Birger Jåstad (1904-1984), norsk lyrikar frå Leirfjord
- Birger Sjøberg (1905-1944), motstandskjempar som fall på Helgeland under den andre verdskrigen.
- Birger Jørstad (1907-1991), norsk diktar
- Birger Ruud (1911-1998), norsk idrettsmann
- Birger Hatlebakk (1912-1997), norsk forretningsmann og politikar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Olav Veka: Namneboka (Det Norske Samlaget, 1991) ISBN 82-521-3604-4
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Søk etter norsk namnestatistikk for Birger hjå Statistisk Sentralbyrå
- Folketeljingar i Digitalarkivet