Hopp til innhald

Ben Dolic

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ben Dolic

Fødd4. mai 1997 (27 år)
FødestadLjubljana
FødenamnBenjamin Dolić
OpphavSlovenia
Aktiv2016–
Sjangerpop
PlateselskapUniversal Music Group
Verka somsongar

Benjamin Dolić (fødd 4. mai 1997), kjend som Ben Dolic, er ein slovensk[1] songar. Han oppnådde popularitet i Tyskland etter å ha kome på andreplass i The Voice of Germany i 2018. Dolic skulle representere Tyskland i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland med songen «Violent Thing», men tevlinga vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[2][3]

Dolić vart fødd og vaks opp i den slovenske hovudstaden Ljubljana. Som tolvåring deltok han i Slovenija ima talent, den slovenske versjonen tilsvarande Norske talenter, og han nådde semifinalen.[1] På vidaregåande skule var han del av gruppa D Base som deltok i songtevlinga EMA 2016, den slovenske versjonen tilsvarande norske Melodi Grand Prix.[1] Deira bidrag, «Spet živ» vart slått ut i første runde av finalen.

Då Dolić var 18 år, flytta han og familien til Sveits, der han lærte tysk og utvikla songkarrieren sin.[4] Seinare flytta han til Berlin, og i 2018 deltok han i den åttande sesongen av The Voice of Germany. Han enda til slutt på ein andreplass og turnerte sidan rundt i Tyskland og Austerrike.

Eurovision Song Contest

[endre | endre wikiteksten]

27. februar 2020 kunngjorde den tyske kringkastaren ARD at Dolić var vald internt til å representere Tyskland i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland med songen «Violent Thing».[2] Som eit av dei fem store landa i Eurovision Song Contest, var Tyskland direktekvalifisert til finalen laurdag 16. mai 2020.

På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydd til å avlysa Eurovision Song Contest for å hindre spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen COVID-19.[5]

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]
Tittel År Album
«Violent Thing» 2020 Ikkje frå album
«Stuck in My Mind» 2021

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1,0 1,1 1,2 «Nemčijo bo na Evroviziji predstavljal Slovenec Benjamin Dolić» (på slovensk). 28. februar 2020. Henta 28. februar 2020. 
  2. 2,0 2,1 Rahn, Florian (27. februar 2020). «Ben Dolic will sing "Violent Thing" for Germany at Eurovision 2020» (på engelsk). Henta 27. februar 2020. 
  3. Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020. 
  4. «Ben Dolic to Rotterdam for Germany with 'Violent Thing'». eurovision.tv. 27. februar 2020. Henta 29. februar 2020. 
  5. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020.