Hopp til innhald

Bartholdus Vhael

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bartholdus Vhael
Statsborgarskap Finland
Fødd 1667
Død

19. januar 1723 (55 år)

Yrke politikar, prest, lyrikar
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja

Bartholdus «Pärttyli» Gabrielis Vhael (166719. januar 1723) var ein finsk prest og forfattar fødd i Uleåborg.

Vhael vart student i 1684, collega superior ved Vasa trivialskole 1692, pastor ved Österbottens regiment i Riga 1694 og dessutan sokneprest i Ilmola i 1699. Under Den store ufreden rømde han til Sverige. Han vart teken til fange i Övertorneå sokn i 1717 av ein omstreifande bande kosakkar, men vart seinare utnemd til predikant for tyskarar i den russiske armeen og deretter til sokneprest i Vasa og prost i Österbotn. Etter Freden i Nystad i 1721 tok han opp att soknepreststillinga si i Ilmola. Han skreiv òg ei finsk språklære, Grammatica fennica (trykt 1733).