Hopp til innhald

Ballangen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ballangen
tettstad
Land  Noreg
Fylke Nordland
Kommune Narvik
Areal 1,01 km²
Folketal 817  (2023)
Folketettleik 809 / km²
Postnummer 8540 BALLANGEN
Kart
Ballangen
68°20′37″N 16°50′00″E / 68.34361111°N 16.83333333°E / 68.34361111; 16.83333333
Wikimedia Commons: Ballangen (village)

Ballangen (nordsamisk Bálák) er ein tettstad i Narvik kommune i Nordland. Fram til 2020 var staden administrasjonssenteret i Ballangen kommune. Tettstaden ligg inst i Ballangsfjorden og har 817 innbyggjarar per 1. januar 2023.

Ballangen har verkstadindustri, to daglegvarebutikkar, grunnskole og barnehage. Like utanfor tettstaden ligg Ballangen Museum som presenterer den omfattande gruveverksemda som har vore i Ballangen sidan 1600-talet.[1]

Ballangen ligg ved E6, som går gjennom kommunen. Fylkesveg 819 forbind tettstaden med Kjeldebotn i nordvest. Frå Kjeldebotn går det hurtigbåtrute mellom Narvik og Svolvær. Det er også hurtigbåtsamband med Harstad/Narvik lufthamnEvenes, og med Harstad. Både Kjeldebotn og Ballangen har gode hamner og kaianlegg.[2]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Ballangen - tettsted». Store norske leksikon. 1. juli 2016. Henta 27. mai 2017. 
  2. «Ballangen». Store norske leksikon. 4. juli 2016. Henta 27. mai 2017.