Båtmotor
Båtmotor er ein motor som vert nytta for å driva ein båt. Som oftast er båtmotorar forbrenningsmotorar og dei fleste er stempelmotorar med innvendig forbrenning. Båtmotorar finst i mange storleikar, med effekt frå nokre få kW til over 100 000 kW. Store båtmotorar vert kalla skipsmotorar.
Småbåtmotorar
[endre | endre wikiteksten]Tidlegare var det vanleg at båtmotorar var glødehovudmotorar, som gjekk på billig råolje, men i dag er mindre båtmotorar som oftast firetaktsmotorar. Små båtmotorar er ofte firetakts forgassarmotorar, medan dieselmotorar er vanlege i fiskeskøyter og større fritidsbåtar.
Mellomstore båtmotorar
[endre | endre wikiteksten]I fiskebåtar, fraktbåtar, ferjer, og liknande vert det vanlegvis nytta firetakts dieselmotorar, men for å redusera forureininga har ein i dei siste åra har ein teke til å nytta gass som drivstoff i ferjer. Elektrisk drift av ferjer vert òg nytta i aukande grad.
Store skipsmotorar
[endre | endre wikiteksten]I krigsskip, men òg i eldre passasjerskip, har det vore nytta gassturbinar for framdrift, men på grunn av dårleg verknadsgrad har ein for det meste gått over til totakts stempelmotorar. For å redusera kostnadane er det vanleg å nytta billig tungolje, noko som har ført til alvorleg forureining av kysten i samband med forlis.