Hopp til innhald

Audun Eckhoff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Audun Eckhoff

Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. august 1958 (66 år)
Oslo
Yrke kunsthistorikar
Verv Direktør ved Nasjonalmuseet
Etterfylgjar Karin Hindsbo
Audun Eckhoff på Commons

Audun Eckhoff (fødd i 1958) er ein norsk kunsthistorikar og forfattar.

Eckhoff var journalist i NTB sin utanriksredaksjon 1985–94. I 1993 tok han graden mag. art. i kunsthistorie med avhandlinga Flyver i natten : Olav Strømmes visjon ved Universitetet i Oslo. Deretter var han konservator ved Museet for samtidskunst 1994–2002 og direktør for Bergen Kunstmuseum 2002–09.[1]

I 2009 fekk han jobb som direktør ved Nasjonalmuseet.[2] Åremålet hans gejkk ut i 2017 og blei ikkje fornya.[3] Etterpå skreiv han bok om at Nasjonalgalleriet burde bli ein del av Nasjonalmuseet.[4]

Eckhoff er son av NRK-journalisten Erik Eckhoff og bror til operasongaren Ranveig Eckhoff og arkitekten Dagfinn Eckhoff.

  • Audun Eckhoff m.fl., Nasjonalgalleriet, Fagbokforaget, 2017.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]