Asta
Utsjånad
Asta er eit kvinnenamn som kan ha fleire ulike opphav. Som Åsta kan det stamma frå norrønt Ásta med tydinga 'gudinne'. Dette er ei kortform for namn som byrjar på Ås-, Åst- og Åse.
Eit anna mogleg opphav er norrønt ást, som tyder 'kjærleik', eller det kan vera ei kortform for Augusta.
Asta har namnedag den 13. april i Noreg og den 27. november i Sverige.
Namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Asta Hansteen (1824–1908), norsk målar, forfattar og kvinnesaksforkjempar kjend som Aasta Hansteen
- Asta Nørregaard (1853–1933), norsk kunstnar
- Asta Nielsen (1881-1972), også kalla «Die Asta», dansk skodespelar
- Asta Beate Håland (f. 1956), norsk forfattar og kvinneaktivist
- Asta Busingye Lydersen (f. 1970), norsk-ugandisk skodespelar
Annan bruk
[endre | endre wikiteksten]- 1041 Asta er namnet på ein asteroide