Asle Andersen
Utsjånad
Asle Andersen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 15. februar 1972 (52 år) Sola kommune |
Idrett | fotball |
Asle Andersen (fødd 15. februar 1972) er ein norsk tidlegare fotballspelar, som i dag er hovudtrenar for Sandnes Ulf. Han har hatt ei lang fartstid i norsk toppfotball og har spelt for klubbane Sandnes Ulf, Bryne FK, FK Haugesund og Viking FK.
Andersen kom til Sandnes Ulf i januar 2006 som spelande trenar. Han var sterkt delaktig på banen då laget sikra opprykk til Adeccoligaen i 2007, og hadde fleire gode kampar i 2008. Siste halvdel av 08-sesongen gjekk han skadd, og i årene etterpå har han prioritert trenergjerninga og ikkje spelt kamper.
Andersen var ei viktig brikke i Brynelaget på nittitalet. Han var kaptein i fleire sesongar og medverka mellom anna til opprykket til Tippeligaen med den sterke haustsesongen1999.[1]
Karriere som spelar
[endre | endre wikiteksten]Klubb | Kampar | Mål | Periode |
---|---|---|---|
Noreg Viking | 21 | 4 | 1991-92 |
Noreg Bryne | 244 | 46 | 1993-99 |
Noreg FK Haugesund | ? | ? | 2000-03 |
Noreg Bryne | 59 | 10 | 2004-05 |
Noreg Sandnes Ulf | 59 | ? | 2006-2008 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Asle Andersen» frå Wikipedia på bokmål, den 8. mai 2013.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Verd å vite om Asle Andersen». Bryne Fotballklubb. 15. april 2005. Henta 9. desember 2007.