Arnt
Utsjånad
Arnt er eit mannsnamn, ei kortform av det tyske namnet Arnold eller andre namn på Arn, som tyder 'ørn'. Sidefomer er Arent eller Arndt.
Arnt har i Noreg namnedag 1. desember.
Bruken av namnet i Noreg
[endre | endre wikiteksten]Namnet er i Noreg mest bruka på kysten frå Møre og nordover. Utbreiinga av namnet har gått jamt attover sidan førre hundreårsskifte:
- I folketeljinga frå 1801 var om lag 1430 personar listeført ned namnet i formene Arnt, Arent, Arndt, Arendt mfl
- I 1900 var det rundt 4850 som hadde namnet i ei av desse formene, Arnt var då blitt vanlegast
- I 2008 er det 3445 som heiter Arnt til første fornamn, 28 Arent og 11 Arendt.
Kjende namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Arnt Arntsson Wang (1791 - 1845), norsk stortingsmann
- Arnt Kristoffersson Seljelid, (1832 - 1880) norsk stortingsmann
- Arnt Haugen (1928-1988), norsk musikar
- Arent M. Henriksen, (f. 1946) norsk politikar
- Arnt Frode Jensen (f. 1953), ordførar i Herøy på Helgeland
- Arnt Birkedal (f. 1959), norsk forfattar
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]- Søk etter norsk namnestatistikk for Arnt hjå Statistisk Sentralbyrå
- Folketeljingar i Digitalarkivet
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Olav Veka: Namneboka, Det Norske Samlaget 1991