Arnhild Lauveng
Utsjånad
Arnhild Lauveng | |||
Fødd | 13. januar 1972 | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | psykolog, skribent | ||
Alma mater | Universitetet i Oslo |
Arnhild Lauveng (fødd 13. januar 1972) er ein norsk psykolog som er utdanna ved Universitetet i Oslo og tidlegare schizofren. Ho er busett i Odalen i Hedmark og jobbar på Kongsvinger Distriktspsykiatriske senter (DPS). Ho er ein aktiv foredragsholdar, og mottok i 2004 «Prisen til fremme av ytringsfriheten innan psykisk helsevern».
I 2008 vart ho også tildelt Fritt Ords honnør for å ha brote barrierar innan psykisk helsevern med bøkene sine.
Ho har skrive to sjølvbiografiar om vegen inn og ut av psykose, med fagleg resonnement omkring ulike tilstandar og moglege årsaker til personlegdomsutviklinga.
Bokrettane til I morgen var jeg alltid en løve er seld til Nederland, Akademisk Forlag i Danmark, tyske Random House, Polen og til Spania.
Sjølvbiogafiar
[endre | endre wikiteksten]- I morgen var jeg alltid en løve Arnhild Lauveng, Cappelen, Oslo, 2005. 200 s. Engelsk utgåve: Tomorrow I Was Always a Lion. Seld i Nederland. ISBN 82-02-24977-5
- Unyttig som en rose Arnhild Lauveng, Cappelen, Oslo, 2006. 195 s. ISBN 82-02-26403-0