Arne Rustadstuen
Utsjånad
Arne Rustadstuen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 14. desember 1905 Lillehammer kommune |
Død |
25. april 1978 (72 år) |
Yrke | langrennsløpar, kombinertløpar, langrennstrener |
Høgd | 180 centimeter |
Arne Rustadstuen på Commons |
Arne Rustadstuen (14. desember 1905–25. april 1978)[1]) var ein norsk langrennsløpar, kombinertløpar og langrennstrenar frå Fåberg, medlem av Lillehammer Skiklub.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]I 1930 vann Rustadstuen gullmedaljen på 17 km under VM i Oslo, og året etter tok han bronsemedaljen i kombinert under VM i Oberhof. Under OL 1932 fekk han bronsemedaljen på femmila. Han deltok også i OL 1936 i Garmisch-Partenkirchen, der beste plassering var sjetteplass på 18 km.
Rustadstuen vann Birkebeinerrennet i 1933 og 1934. I 1934 brukte han 5.41.25 på turen over fjellet mellom Rena og Lillehammer.[2]
I 1935 vart han tildelt Holmenkollmedaljen.
Han døydde på Lillehammer.
Notar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ sports-reference.com, arkivert frå originalen 25. september 2015, henta 8. mars 2013
- ↑ Åmot ungdomsskole
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (en) Arne Rustadstuen – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.
Kategoriar:
- Einskildmenn
- Fødde i 1905
- Døde i 1978
- Norske kombinertløparar
- Norske langrennsløparar
- Vinnarar av Holmenkollmedaljen
- Kongepokalvinnarar i skiidrett
- Verdsmeistrar i langrenn
- Noregsmeistrar i langrenn
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1932
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg
- Norske deltakarar under vinter-OL 1932
- Langrennsløparar under vinter-OL 1932
- Norske deltakarar under vinter-OL 1936
- Langrennsløparar under vinter-OL 1936
- Folk frå Lillehammer