Hopp til innhald

Arne Friedrich

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arne Friedrich
Personleg informasjon
Fødd 29. mai 1979
Fødestad Bad Oeynhausen
Høgd 185 cm
Posisjon Midtstoppar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Wolfsburg
Nummer 3
Ungdomsklubbar
-1955-87
1987-92
1992-95
1995-99
Tyskland Bad Oeynhausen
Tyskland TuS Lohe
Tyskland Herford
Tyskland Gütersloh
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1999-2000
2000-02
2002-10
2010-
Tyskland Verl
Tyskland Arminia Bielefeld
Tyskland Hertha Berlin
Tyskland Wolfsburg
31 (0)
47 (1)
231 (14)
0 (0)
Landslag
2000-01
2002-
Tyskland Tyskland U21
Tyskland Tyskland
5 (0)
79 (1)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 14. juli 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 10. juli 2010

Arne Friedrich (fødd 29. mai 1979 i Bad Oeynhausen i Nordrhein-Westfalen) er ein tysk fotballspelar som har spela for Wolfsburg i tysk Bundesliga og for det tyske landslaget. Han spelte i åtte år, frå 2002 til 2010, for Hertha Berlin.

Friedrich debuterte for Tyskland sitt A-landslag 21. august 2002, i ein kamp mot Bulgaria. Den første store turneringa hans var fotball-EM i 2004, der han spelte alle Tyskland sine tre kampar, før dei rauk ut etter gruppespelet. I fotball-VM i 2006 gjekk det betre for Tyskland og Friedrich, som spelte alle Tyskland sine kampar, utanom bronsefinalen då han var skadd. I fotball-EM i 2008 var han i utgangspunktet reserve, men då Marcell Jansen vart skadd, spelte han frå start i den siste gruppekampen og alle dei tre gjenverande kampane. I fotball-VM i 2010 spelte han frå start til slutt i alle dei sju kampane, då Tyskland tok bronsemedalje. Han skåra det første landslagsmålet sitt i kvartfinalen mot Argentina, i det som var den 77. A-landskampen hans.