Arenaer under sommar-OL 1896
Arenaer under sommar-OL 1896 gjev oversyn over arenaene som vart nytta under sommar-OL 1896 i Aten.
Arenaer
[endre | endre wikiteksten]Arenaer | Idrettar | Kapasitet |
---|---|---|
Ómilos Andisfírisis Athinón[1] | Tennis | Ukjend |
Liménas Zéas[2] | Symjing | Ukjend |
Kallithéa[3] | Skyting | Ukjend |
Marathónas[4] | Friidrett (maraton) og sykling (landevegssykling) | Ukjend |
Podilatodrómio Néou Falírou[4] | sykling | Ukjend |
Panathinaïkó Stádio[4] | Friidrett, gymnastikk, vektløfting og bryting | 80 000 |
Záppeio Mégaro[5] | Fekting | Ukjend |
Bukta Liménas Zéas vart nytta til symjing av di arrangørane nekta å byggje ein symjearena.[6]
I etterkant
[endre | endre wikiteksten]Fire av arenaene vart nytta under sommar-OL 2004. Velodromen Podilatodrómio Néou Falírou vart riven og bygd opp att som ein fotballstadion under namnet Stádio Jórgos Karaïskákis i 1964.[7] Stadionet vart renovert i 2003 og nytta under leikane i 2004.[8] Panathinaïkó Stádio vart nytta som arena for bogeskyting og som mål for maratonet.[8] Under leikane i 1896 arrangerte byen Marathónas både maraton og landevegssykling, medan dei i 2004 berre arrangerte maraton.[8] Záppeio Mégaro fungerte som hovudkontor for organisasjonskomitéen for sommar-OL 2004 frå 1998 til 1999 og som det viktigaste kommunikasjonssenteret under leikane.[8][9]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Venues of the 1896 Summer Olympics» frå Wikipedia på engelsk, den 15. august 2012.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ OOA: History of the Athens Lawn Tennis Club, arkivert frå originalen 29. september 2010, henta 15. august 2012
- ↑ Wallechinsky, David and Jaime Loucky (2008). "Swimming (Men): 100-Meter Freestyle". In The Complete Book of the Olympics: 2008 Edition. London: Aurum Press Limited. pp. 897-8.
- ↑ La84foundation: 1896 Summer Olympic official report
- ↑ 4,0 4,1 4,2 La84foundation: 1896 Summer Olympics official report
- ↑ Zappeion history. Arkivert 2008-09-21 ved Wayback Machine. - accessed 3 October 2010.
- ↑ Lennartz, Karl; Wassong, Stephen (2004). «Athens 1896». I John E. Findling, Kimberly D. Pelle. Encyclopedia of the Modern Olympic Movement. Greenwood Publishing Group. ISBN 0-313-32278-3. OCLC 52418065.. p. 23.
- ↑ Stadia: Stadia.gr profile of Karaiskakoid Stadium in 1895, 1964, and 2003
- ↑ 8,0 8,1 8,2 8,3 La84foundation: 2004 Summer Olympics official report
- ↑ La84foundation: 2004 Summer Olympics official report