Apeman
«Apeman» Singel av The Kinks frå albumet Lola versus Powerman and the Moneygoround, Part One | ||
B-side |
«Rats» | |
---|---|---|
Utgjeve | 20. november 1970 | |
Innspelt | August og september 1970 i Morgan Studios, Willesden, London | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 3:51 | |
Selskap | Pye 7N 45016 (UK) Reprise 0979 (USA) | |
Tekstforfattar | Ray Davies | |
Låtskrivar(ar) | Ray Davies | |
Produsent | Ray Davies | |
The Kinks-kronologi | ||
«Lola» (1970) |
«Apeman» | «God's Children» (1971)
|
«Apeman» er ein song av det engelske rockebandet The Kinks. Han er skriven av Ray Davies og gjeven ut på albumet Lola versus Powerman and the Moneygoround, Part One. Songen vart gjeven ut som singel hausten 1970. Han nådde ikkje listene i USA, som føregangaren «Lola», hadde gjort, men vart ein stor hit i Storbritannia der han nådde femteplassen.
Songen omhandlar om at Davies er lei av den moderne verda og erklærer at han ønskjer «sail away to a distant shore og make like an apeman.» Han uttrykker òg korleis mennesket skapar problema våre og at om mennesket fekk sjansen så ville det forlate byane og leve i jungelen i staden. På mange måtar er songen eit samandrag av nostalgien som hadde vore til stades på albuma Lola vs. Powerman og The Village Green Preservation Society.
Ei tekstlinje i songen, «...the air pollution is fogging up my eyes...», skapte noko kontrovers fordi ordet «fogging» høyrest ut som «fucking».
Songen vart spelt av The Format i 2007.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Ray Davies - akustisk gitar, solovokal
- Dave Davies - sologitar, korvokal
- John Dalton - bass, korvokal
- John Gosling - piano, orgel
- Mick Avory- trommer
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1970) | Plassering |
---|---|
Tyskland (Media Control AG)[1] | 8 |
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[2] | 14 |
Sør-Afrika (Springbok Radio)[3] | 12 |
UK Singles (Official Charts Company)[4] | 5 |
US Billboard Hot 100[5] | 45 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Apeman (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 2. mai 2009.
- ↑ "The Kinks - Lola". Charts.de. Media Control.
- ↑ "Nederlandse Top 40 – week 03, 1971" (på nederlandsk). Nederlandsk Topp 40 Stichting Nederlandse Top 40.
- ↑ {http://www.rock.co.za/files/sa_charts_1969_1989_songs_(A-B).html%7Caccessdate=9[daud lenkje]. april 2018}
- ↑ "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
- ↑ "Kinks?f=379&g=Singles The Kinks Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for The Kinks. Prometheus Global Media.