Hopp til innhald

Alexandra Gjerpen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alexandra Gjerpen

Fødd27. januar 1985 (39 år)
FødestadUSA
Verka somskodespelar
SambuarHermann Sabado

Alexandra Gjerpen (fødd 27. januar 1985 i Norwalk i Connecticut i USA) er ein norsk skodespelar med skodespelarutdanning frå William Esper Studio i New York, der ho òg jobba som skodespelar. Ho søkte Teaterhøgskolen fire gonger, men vart avvist kvar gong.[1] Ho flytta til Sandnes i Rogaland i femårsalderen, der ho vaks opp.

Gjerpen har spelt i reklamar, teater, kortfilmar og musikkvideoar. Ho spelte rolla som Alex i NRK-serien Unge lovende i fire sesongar frå 2015 til 2018. For rolla vart ho nominert til Gullruten 2016 i klassen beste kvinnelege skodespelar. Gjerpen har sidan 2017 spelt rolla som trælen Tina i TV-serien Vikingane. For rolla i filmen Når jeg faller frå 2018 vart ho nominert til Amandaprisen 2019 i klassen beste kvinnelege birolle. Gjerpen hadde hovudrolla i dramaserien 22. juli som Aftenposten-journalist Anine.[2] For rolla vart ho nominert til Seriekritikerprisen 2020 i klassen beste skodespelar i norsk serie.[3]

Filmografi

[endre | endre wikiteksten]
  • 2012 – The Job Interview
  • 2013 – High Maintenance, Rachel
  • 2016 – Meglerene, resepsjonist
  • 2018 – Now It's Dark, fan
  • 2018 – Når jeg faller, Maria
  • 2019 – Askeladden – i Soria Moria slott, Solfrid
  • 2021 – Prosjekt Z, Alex
  1. «– Mitt utseende var ikke på moten» (på norsk). Henta 15. januar 2020. 
  2. «En ubehagelig drømmerolle». NRK. 5. januar 2020. 
  3. Kifle, Mylena (25. september 2020). «Seriekritikerprisen: NRK-serie fikk gjeveste pris». Aftenposten. Henta 26. september 2020.