Aleksandr Tikhonov
Aleksandr Tikhonov | |
Statsborgarskap | Russland, Sovjetunionen |
Fødd | 2. januar 1947 (77 år) Ujskoje |
Yrke | skiskyttar |
Språk | russisk |
Høgd | 173 centimeter |
Politisk parti | Sovjetunionens kommunistiske parti |
Nettstad | http://www.alexander-tikhonov.com/ |
Aleksandr Tikhonov på Commons |
Aleksandr Ivanovitsj Tikhonov[a] (fødd 2. januar 1947) er ein russisk tidlegare skiskyttar og seinare idrettsleiar frå landsbyen Ujskoje i Tsjeljabinsk oblast, som representerte Sovjetunionen. Gjennom 14 sesongar, 1967-80, var han ein av dei beste skiskyttarane i verda, og er med sine 11 VM-gull, av desse fem individuelle, og fire OL-gull i stafett ein av dei beste skiskyttarane gjennom tidene.
Liv og gjerning
[endre | endre wikiteksten]Tikhonov fekk sin VM-debut i 1967. Etter å ha vorte nummer ni i den individuelle øvinga fekk han plass på Sovjetunionen sitt stafettlag som gjekk inn til sølvmedalje, einast slått av Noregs fire utvalde løparar. Under dei olympiske vinterleikane i Grenoble året etter tok han sølvmedaljen bak norske Magnar Solberg på 20 km, før han vann OL-gull for Sovjetunionen på stafetten. I dei tre nestkomande vinterleikane, 1972, 1976 og 1980, gjekk han også inn til gullmedalje i stafettøvinga.
Under verdsmeisterskapen 1969 i Zakopane vart Tikhonov verdmeister i begge øvingane, både på 20 km og i stafett. Året etter kopierte han prestasjonen under VM i Östersund. VM-gull i stafett tok han også i 1971, men måtte i den individuelle øvinga sjå seg slått av Dieter Speer frå Aust-Tyskland.
I 1973 gjentok Tikhonov prestasjonane frå VM 1969 og 1970 og vart dobbelt verdsmeister med siger både i den individuelle tevlinga over 20 km, samt i stafett med Sovjetunionen over 4x7,5 km stafett. På sovjetisk heimebane i 1974 var det for fyrste gongen to individuelle øvingar på VM-programmet, utan at Tikhonov fekk medalje i korkje. Derimot vann han og Sovjetunionen sitt femte strake VM-gull, og den sjuande stafett-meisterskapen på rad.
Etter å ha vunne sitt tredje olympiske gull i Innsbruck 1976, vart han seinare i OL-sesongen verdsmeister på 10 km i Antholz; sprintøvinga over 10 km med to skytingar var ikkje med i OL-programmet det året. Året etter, under VM i skiskyting 1977, forsvarte Tikhonov VM-tittelen på 10 km og vart for sjette gong verdsmeister med Sovjetunionen i stafett. I tillegg fekk han bronsemedaljen på 20 km, hans fyrste VM- og OL-medalje av den valøren. Tikhonov tok si siste individuelle medalje då han kom på sølvplassen på 20 km under VM 1979 i tyske Ruhpolding. Vinteren 1980 i Lake Placid tok han si siste OL/VM-medalje då han gjekk andreetappen for Sovjetuinionen sine olympiske meistrar i stafett. I alt vann han 22 medaljar (15-5-2) i verdsmeisterskap og olympiske leikar.
Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- VM i skiskyting 1967 i Altenberg: Sølvmedalje i stafett, nr 9 på 20 km
- Vinter-OL 1968 i Grenoble: Gullmedalje i stafett, sølvmedalje på 20 km
- VM i skiskyting 1969 i Zakopane: Gullmedalje både på 20 km og i stafett
- VM i skiskyting 1970 i Östersund: Gullmedalje både på 20 km og i stafett
- VM i skiskyting 1971 i Tavastehus: Gullmedalje i stafett, sølvmedalje på 20 km
- Vinter-OL 1972 i Sapporo: Gullmedalje i stafett, nr 4 på 20 km
- VM i skiskyting 1973 i Lake Placid: Gullmedalje både på 20 km og i stafett
- VM i skiskyting 1974 i Minsk: Gullmedalje i stafett, nr 5 på 20 km
- VM i skiskyting 1975 i Antholz: Sølvmedalje i stafett, nr 6 på 10 km
- Vinter-OL 1976 i Innsbruck: Gullmedalje i stafett, nr 5 på 20 km
- VM i skiskyting 1976 i Antholz: Gullmedalje på 10 km
- VM i skiskyting 1977 i Vingrom: Gullmedalje både på 10 km og i stafett, bronsemedalje på 20 km
- VM i skiskyting 1978 i Hochfilzen: Nr 4 i stafett
- VM i skiskyting 1979 i Ruhpolding: Sølvmedalje på 20 km, bronsemedalje i stafett
- Vinter-OL 1980 i Lake Placid: Gullmedalje i stafett, nr 9 på 10 km
Idrettsleiar
[endre | endre wikiteksten]Tikhonov har i lang tid vore leiar for Russlands skiskyttarforbund. I mai 2002 vart han vald til visepresident i det internasjonale skiskyttarforbundet (IBU). Han gjekk ut av styret i IBU i 2010.
Lovbrytar
[endre | endre wikiteksten]Tikhonov vart i 2000 skulda for å ha vore delaktig i ein plan om å myrde guvernøren av Kemerovo oblast, Aman Tulejev. Mellom andre vart ein bror av Tikhonov i 2002 dømt til fire års fengsel for si rolle i drapsplanen. I 2007 vart også Aleksandr Tikhonov dømt til fengsel i tre år i same saka, men fekk straks amnesti.
Merknadar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Russisk skrift Александр Иванович Тихонов
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Sportsboken, årgangane 1967-1980
- Denne artikkelen bygger på «Alexander Tikhonov» frå Wikipedia på engelsk, den 23. november 2013.
- Einskildmenn
- Fødde i 1947
- Sovjetiske skiskyttarar
- Russiske skiskyttarar
- Verdsmeistrar i skiskyting
- Olympiske meistrar for Sovjetunionen
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sovjetunionen
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1968
- Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1968
- Skiskyttarar under vinter-OL 1968
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1972
- Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1972
- Skiskyttarar under vinter-OL 1972
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1976
- Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1976
- Skiskyttarar under vinter-OL 1976
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1980
- Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1980
- Skiskyttarar under vinter-OL 1980
- Idrettsleiarar