Al-Bikai'a
al-Bikai'a | |||
البقيعة, al-Buqei'a | |||
kommune | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Tubas guvernement | ||
Koordinatar | 32°15′53.38″N 35°26′12.98″E / 32.2648278°N 35.4369389°E | ||
Areal | 29,5 km² | ||
Folketal | 1 850 (2006) | ||
Folketettleik | 63 / km² | ||
Grunnlagd | 1500 | ||
• Bystatus | 1996 | ||
Al-Bikai'a 32°15′53″N 35°26′13″E / 32.264827777778°N 35.436938888889°E | |||
Kart som viser Al-Bikai'a.
| |||
Wikimedia Commons: Al-Bikai'a |
al-Bikai'a òg skrive al-Buqei'a (arabisk البقيعة) er ei palestinsk landsbygruppe i Tubas guvernement som består av dei tre grendene Khirbet al-'Atuf, al-Hadidiyah og al-Humsa. Området ligg på ei flat slette omgjeve av fjell, i ei høgd 50 meter over havet. Det samla folketalet i al-Bikai'a var 227 i 1997 og 1 850 i 2005.[1] I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde al-Hadidya eit folketal på 183 innbyggjarar.[2]
Abu Bakr as-Sadiq-moskeen er den einaste moskéen i al-Bikai'a og ligg i Khirbet al-'Atuf. Her finst òg ein skule og ein barnehage. Dei fleste innbyggjarane går på skule i Tammun.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Al-Bikai'a har vore busett sidan osmansk tid i Palestina. Området kring landsbyen vart fråflytta, men etter kvart kom arabarar frå Tammun, hovudsakleg familiane Bani Odeh og Bsharat, og slo seg ned i området. Khirbet al-'Atuf vart kalla opp etter 'Atif, ein ajjubide-soldat som døydde under krosstoga og al-Hadidiya vart kalla opp etter den svarte jorda her.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Al-Bikai'a» frå Wikipedia på engelsk, den 19. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Al-Bikai'a Villages Profile Applied Research Institute - Jerusalem. February 2006.
- ↑ Projected Mid -Year Population for Tubas distrikt by Locality 2004- 2006 Arkivert 2008-04-24 ved Wayback Machine. Palestinsk statistisk sentralbyrå.