Agnes
Utsjånad
Agnes er eit kvinnenamn som på latin tyder 'rein, kysk'.
Agnes har i Noreg namnedag den 21. januar.
Bruken av namnet i Noreg
[endre | endre wikiteksten]Namnet var mykje bruke rundt førre hundreårsskifte, men frå 1920-åra søkk populariteten, og namnet vart lite bruka, før det dei aller siste åra har hatt ein svak popularitetsauke
- Ved folketeljinga i 1801 var det knapt 101 med dette namnet i forma Agnes eller, vanlegare, Agnis
- Ved folketeljinga i 1900 var det 6980 som hadde namnet, i formene Agnes, Agnhis, Agnies, Agnis, Agnnes, Agnæs – ei heitte Agnus, men det var elles bruka som eit gutenamn.
- I 2008 var det 3695 som hadde Agnes til første fornamn.
Kjende namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Heilage Agnes, populær helgen i mellomalderen
- Agnes Gonxhe Bojaxhiu (1910-1997), betre kjend som Mor Teresa
- Agnes Buen Garnås (f. 1946), norsk folkemusikar
- Agnes Kittelsen (f. 1980), norsk skodespelar, kjend i rolla som Tikken Manus i Max Manus
- Agnes Ravatn (f. 1983), norsk forfattar
- Agnes Carlsson (f. 1988), svensk musikar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Folketeljingar i Digitalarkivet
- Olav Veka 1991: Namneboka, Det Norske Samlaget ISBN 82-521-3604-4
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Søk etter norsk namnestatistikk for Agnes hjå Statistisk Sentralbyrå