Agnar
Utsjånad
Agnar er eit mannsnamn av norrønt opphav. Det norrøne Agnarr er truleg sett saman av agi, 'strid, fare' og harjar, 'stridsmann, krigar'. Agnar har namnedag den 21. juni.
Namnet er ein del brukt på Island, der 0,19 % (290 personar) bar namnet i 2004. Det er noko mindre vanleg i Noreg, der det var mest brukt på 1930-talet, av opptil 0,25 %. I 2009 var det 1 039 norske menn som heitte Agnar. Det er uvanleg i Sverige. Namnedagen for Agnar gjekk ut av den svenske almanakken i 2000. Elles i verda er det lite kjend.
I kulturen
[endre | endre wikiteksten]Agnar er namnet til både broren og sonen til kong Geirrød i eddadiktet Grimnesmål.
Namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Agnar Johannes Barth (1871–1948), norsk forstmann
- Agnar Skeidsvoll (1900-1963), norsk redaktør
- Agnar Mykle (1915-1944), norsk forfattar
- Aksel Agnar Aagaard Nielsen (f. 1928), færøysk skipsbyggjar, reiar og politikar
- Agnar Sandmo (f. 1938), norsk professor i økonomi
- Agnar Sigmund Husebråten (f. 1942), norsk politikar og ordførar
- Agnar Aas (f. 1951), norsk vassdrags- og engeridirektør
- Agnar Lirhus (f. 1978), norsk forfattar og musikar
Annan bruk
[endre | endre wikiteksten]Det første ekstremvêret i Noreg som fekk namn, blei kalla Agnar. Dette fann stad i oktober 2005.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Agnar - mannsnavn» i Store norske leksikon, snl.no.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Agnar» frå Wikipedia på bokmål, den 20. juni 2009.
- Søk etter norsk namnestatistikk for Agnar hjå Statistisk Sentralbyrå