Afanasij Fet
Afanasij Fet | |
Statsborgarskap | Det russiske imperiet, Storhertugdømmet Hessen |
Fødd | 23. november 1820 Mtsensk uyezd |
Død |
21. november 1892 (71 år) |
Yrke | lyrikar, omsetjar, sjølvbiograf, skribent |
Sjanger | lyrikk |
Far | Afanasy Neofitovich Shenshin |
Ektefelle | Maria Petrovna Fet-Shenshina |
Afanasij Fet på Commons |
Afanasij Afanasjevitsj Fet (23. november 1820–21. november 1892) var ein russisk diktar.
Han hadde ei tysk mor, som forlét ektemannen sin for å gifta seg med adelsmannen Afanasij Sjensjin, og det var frå mora Fet hadde det tyske namnet sitt. Den ortodokse kyrkja nekta å godkjenna han som ein adelsmann på grunn av den uekte fødselen hans, og heile livet kjempa Fet for å få adelstittelen og namnet etter faren. I 1873 fekk han det etter godkjenning frå tsar Aleksander II, men då var han allereie kjent som poeten Fet, og det er med dette namnet han er hugsa.
Fet var ein forløpar for retningar innan modernismen, med den knappe stilen sin og ein utstrekt bruk av substantiv og adjektiv til fordel for verb. Symbolistar som Bely og Ivanov utvikla dette vidare. Fet trudde på kunsten for si eiga skuld.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Afanasij Fet» frå Wikipedia på bokmål, den 27. oktober 2021.