Ada Hegerberg
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødd | 10. juli 1995 | ||
Fødestad | Sunndalsøra | ||
Høgd | 1,77 m | ||
Posisjon | Angrep | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Olympique lyonnais | ||
Nummer | 10 | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2001-2007 2007–2011 2012 2013 2014– |
Sunndal IL Kolbotn Stabæk Turbine Potsdam Olympique lyonnais |
31 (15) 18 (26) 33 (14) 117 (144) | |
Landslag | |||
2011–2017 | Noreg | 69(39) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 2. februar 2020 ‡ Landslagsmål oppdatert 31. mai 2017 |
Ada Martine Stolsmo Hegerberg (fødd 10. juli 1995) er ein norsk fotballspelar frå Sunndalsøra som speler for Olympique lyonnais i den franske eliteserien for kvinner.
Hegerberg har vunne norsk cupgull, gull i Toppserien, gull i UEFA Champions League, gull i tysk serie, gull i tysk cup, og sølv frå EM med det norske kvinnelandslaget. Ho har vunne Gullballen (Kniksenprisen) (2015 og 2016),[1][2] blei kåra til UEFA Årets kvinnelege spelar i Europa for innsatsen i sesongen 2015/16 og er tildelt Aftenpostens gullmedalje,[3] Sportsjournalistenes statuett[4] og BBC-prisen for årets kvinnelege fotballspelar for 2017.[5]
Midtspissen hadde per 15.7.2017 spelt 63 landskampar og skåra 38 mål. Ho spelte EM-finalen 2013 mot Tyskland, der det vart norsk tap med 0-1.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Hegerberg debuterte på Kolbotn IL i 2010. Sesongen 2012 spelte ho på Stabæk IF. Der etter var ho aktiv i Turbine Potsdam i halvtanna år. I juli 2014 gjekk ho over til franske Olympique Lyon, ein klubb ho har vunne meisterligafinale med både i 2016 og 2017.
Landslagdebuten til Hegerberg kom 19. november 2011. Med Isabell Herlovsen ute med skade, var Hegerberg det opplagde valet på midtspissplass under EM i fotball 2013.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- EM-sølv: 2013
- Meisterligaen: 2016 og 2017 med Olympique Lyon
- Noregsmeister: 2012 med Stabæk IF
- Fransk seriemeister: 2015, 2016 og 2017 med Olympique Lyon
- Fransk cupmeister: 2015, 2016 og 2017 med Olympique Lyon
Hegerberg vart kåra til Årets fotballspelar 2016 i Europa for kvinner.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ada Hegerberg» frå Wikipedia på tysk, den 16. juli 2017.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Hegerberg: – Du var helten min, Hege, NRK, 09.01.2016
- ↑ «Gullkledd Hegerberg ble «årets kvinnelige utøver» på Idrettsgallaen». VG. Henta 8. januar 2017.
- ↑ «Derfor får Hegerberg Aftenpostens Gullmedalje 2016». aftenposten.no. 23. desember 2016. Henta 24. desember 2016.
- ↑ NRK. «Hegerberg vant sportsjournalistenes kåring». NRK. Henta 1. januar 2017.
- ↑ «Hegerberg slo verdensstjerner i kamp om BBC-pris». VG. 30. mai 2017. Henta 2. juni 2017.