Åsane
Utsjånad
Åsane er ein bydel i Bergen, nord for Bergen sentrum. Han var eigen kommune frå 1903 til 1972. I 1903 vart han skilt ut frå Hamre kommune. 1. januar 1972 vart Åsane ein del av Bergen kommune. Den gamle kommunen hadde då 19 205 innbyggjarar. I dag er Åsane ein av dei største bydelane i Noreg. Av dei 239 950 innbyggjarane i Bergen bur 38 332 i Åsane (1. april 2005).
Bydelen er forbunde med Bergen sentrum ved hjelp av E16 som fortset til Arna, og til kommunane som ligg i nord ved E39.
Folketalsutvikling
[endre | endre wikiteksten]Folketalsutvikling for tidlegare Åsane kommune frå 1920 til 1972:
1.12.1920[1] | 1.12.1930[2] | 3.12.1946[2] | 1.1.1951[3] | 1.1.1961[3] | 1.1.1971[3] |
---|---|---|---|---|---|
2447 | 2759 | 5087 | 6011 | 10 281 | 18 161 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Åsane» frå Wikipedia på engelsk, og «Åsane» frå Wikipedia på bokmål den 16. februar 2005.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
- ↑ 2,0 2,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- ↑ 3,0 3,1 3,2 Folkemengd i Åsane 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.