Hopp til innhald

Rubroboletus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rubroboletus
Systematikk
Rike: Soppriket Fungi
Rekkje: Stilksporesoppar Basidiomycota
Underrekkje: Hymeniesoppar Agaricomycotina
Klasse: Ekte hymeniesoppar Agaricomycetes
Underklasse: Agaricomycetidae
Orden: Røyrsoppordenen Boletales
Familie: Røyrsoppfamilien Boletaceae
Slekt: Rubroboletus
Kuan Zhao & Zhu L.Yang, 2014

Rubroboletus er ei soppslekt i røyrsoppordenen. Ho blei avgrensa av kinesiske mykologar i 2014 med Rubroboletus sinicus som typeart. Soppar i slekta er kjenneteikna av ei raudleg overflate på hatten med gule røyr på undersida, og oransjeraud til blodraude røyr. Stilkane har rosa til raude prikkar på overflata, og kjøtet i fruktlekamen får ein blåleg farge når det blir skadd. Rubroboletus-soppar har olivebrune sporeavtrykk, og dannar glatte sporar.[1] Den opphavlege skildringa av slekta omfatta åtte artar; i 2015 blei det lagt til 5,[2][3][4] og i 2017 blei det lagt til ein til.

Fleire soppar i denne slekta er giftige. R. sinicus blir av og til selt på marknader i Yunnan i Kina, men ein trur han kan vera giftig.[1] R. esculentus er derimot velsett som matsopp i vekseområdet sitt.[5]

Bilde Namn År Etelegheit Utbreiing
Rubroboletus demonensis Vasquez, Simonini, Svetash., Mikšík & Vizzini 2017 Sør-Europa
Rubroboletus dupainii (Boud.) Kuan Zhao & Zhu L.Yang 2014

(1902)

USA, Europa
Rubroboletus eastwoodiae (Murrill) D.Arora, C.F.Schwarz & J.L.Frank 2015

(1910)

Giftig Vestkysten av USA
Rubroboletus esculentus Zhao, K., Zhao, H.M. 2017 God matsopp Sichuan i Kina
Rubroboletus haematinus (Halling) D.Arora & J.L.Frank 2015

(1976)

Vestlege USA
Rubroboletus latisporus Kuan Zhao & Zhu L.Yang 2014 Kina (Yunnan)
Rubroboletus legaliae (Pilát & Dermek) Della Maggiora & Trassinelli 2015

(1969)

Giftig Sør-England og Fastland-Europa
Rubroboletus lupinus (Fr.) Costanzo, Gelardi, Simonini & Vizzini 2015

(1838)

Middelhavsland
Rubroboletus pulcherrimus (Thiers & Halling) D.Arora, N.Siegel & J.L.Frank 2015

(1976)

Giftig USA (New Mexico og California til Washington)
Rubroboletus pulchrotinctus (Alessio) Kuan Zhao & Zhu L.Yang 2014

(1985)

Sentral- og Sør-Europa.
Rubroboletus rhodosanguineus (Both) Kuan Zhao & Zhu L.Yang 2014

(1998)

Nord-Amerika.
Rubroboletus rhodoxanthus (Krombh.) Kuan Zhao & Zhu L.Yang 2014

¨(1836)

Giftig Sør-Europa
Rubroboletus rubrosanguineus (Cheype) Kuan Zhao & Zhu L.Yang 2014

(1983)

Aust-Europa, aust til Kaukasus
Rubroboletus satanas (Lenz) Kuan Zhao & Zhu L.Yang 2014

(1831)

Giftig Europa
Rubroboletus sinicus (W.F.Chiu) Kuan Zhao & Zhu L.Yang 2014

(1948)

Kina
  1. 1,0 1,1 Zhao K, Wu G, Yang ZL. «A new genus, Rubroboletus, to accommodate Boletus sinicus and its allies». Phytotaxa 188 (2): 61–77. doi:10.11646/phytotaxa.188.2.1. 
  2. Frank JL. (June 11, 2015). «Nomenclatural novelties» (PDF). Index Fungorum (248). 
  3. Vizzini A. (March 24, 2015). «Nomenclatural novelties» (PDF). Index Fungorum (233). 
  4. Della Maggiora M. (June 10, 2015). «Nomenclatural novelties» (PDF). Index Fungorum (246). 
  5. Zhao, Kuan; Shao, Hui M. (2017). «A new edible bolete, Rubroboletus esculentus, from southwestern China». Phytotaxa 303 (3): 243–52. doi:10.11646/phytotaxa.303.3.4. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]