Reality-turneen
A Reality Tour Turné av David Bowie | ||
Tilknytt(e) album | Reality | |
Startdato | 7. oktober 2003 | |
Sluttdato | 25. juni 2004 | |
Talet på konsertar | 70 i Europa 29 i Nord-Amerika 8 i Oseania 5 i Asia 112 totalt | |
Konsertkronologi | ||
---|---|---|
Heathen-turneen (2002) |
A Reality Tour |
A Reality Tour var ein verdsturné av David Bowie for å marknadsføre albumet Reality.[1] Turneen starta 7. oktober 2003 i Forum København i Danmark og fortsette gjennom Europa Nord-Amerika, Asia, inkludert New Zealand og Australia for første gongen sidan Glass Spider-turneen i 1987. Med over 110 konsertar var turneen den lengste i karrieren til Bowie.[2] Bowie fekk eit hjarteinfarkt seint i juni 2003 som førte til at somme konsertar nær slutten av turneen vart avlyste.[3] Bowie slutta heilt å spele konsertar i 2006, så dette vart den siste turneen hans.[4]
Turneen tente totalt 46 millionar amerikanske dollar, som var den niande mest innbringande turneen i 2004.[5]
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Bowie annonserte turneen i juni 2003 og planen var å spele for over ein million folk over 17 land, og vart omtalt som den første store turneen hans sidan Outside-turneen i 1995.[6] Øvingane for turneen byrja i juli og han brukte stort sett det same bandet som på den førre Heathen-turneen. Mark Plati var oppteken med andre oppgåver, så gitaristen Gerry Leonard vart den nye bandleiaren.[7] Bandet spelte ein oppvarmingskonsert den 19. august i New York for eit lite publikum på kring 500 personar i The Chance.[8] I september byrja Bowie å dukke opp på nasjonal radio og TV-show i Tyskland og Frankrike og spelte ein «direkte og interaktiv framføring» i London den 8. september, ein av dei første direktesendte rockekonsertane og den første som vart kringkasta i 5.1-lyd.[8] Dette showet vart sendt live til publikum over heile verda i kino- og konsertsalar, men i somme land (som Japan og Australia) vart ikkje showet sendt før dagen etter, og i somme land (som i USA) vart ikkje showet sendt før ei veke seinare.[8] Somme kinosalar rapporterte at dei ikkje mottok den midtre lydkanalen under showet, som gjorde at publikum ikkje kunne høyre vokalen til Bowie. Dette skal ha vore eit problem i kinosalen sin ende i følgje Tony Visconti, som var ansvarleg for miksen.[9] Kort tid etter fortsette Bowie å spele på show som Friday Night with Jonathan Ross på BBC1, The Today Show, Last Call with Carson Daly og The Late Show with David Letterman.[10] Songane som vart framførte på desse showa var mellom andre «New Killer Star», «Modern Love», «Never Get Old» og «Hang On to Yourself».[10] Til slutt, seint i september, spelte Bowie og bandet songar for AOL Online, der dei framførte «New Killer Star», «I'm Afraid of Americans», «Rebel Rebel», «Days» og «Fall Dog Bombs the Moon»,[10] som alle vart strøymd til AOL-kundar over dei neste få månadane.[10] Mot slutten av september var Bowie og bandet i Brussel for dei siste øvingane.[10]
Turnédesign
[endre | endre wikiteksten]Turneen vart skildra av Bowie-biografen Nicholas Pegg som «på nokre måtar til og med meir teatralsk» enn «Sound+Vision-turneen», ein av dei meir teatralske turneane til Bowie.[10] Scenen inkluderte store LED-skjermar med ein heva catwalk og fleire plattformer som gjekk inn i publikum, trapper og «store, kvitbleika tregreiner» som hengde «grasiøst på kvar side av scenen».[10] Bowie sjølv var med å designe scenen i lag med designeren Therese Depreze og den visuelle regissøren Laura Frank.[10]
Repertoir
[endre | endre wikiteksten]Setlist inkluderte songar frå meir enn den 30 år lange karrieren til Bowie, frå The Man Who Sold the World (1970) og opp til Reality (2003), i tillegg til samarbeid som «Sister Midnight» (originalt frå The Idiot (1977) av Iggy Pop) og «Under Pressure» (singel (1981) av Bowie og Queen seinare gjeven ut på Hot Space året etter), og klipp av Bowie-klassikarar som «Space Oddity» og «Golden Years».[11] Bandet øvde inn kring 60 songar for turneen,[2] og det store repertoaret gjorde at dei kunne endre setlista frå kveld til kveld, og laga stundom setlista undervegs i konserten, noko Bowie sjeldan hadde gjort før med sterkt koreograferte turnear som Serious Moonlight-turneen i 1983, Glass Spider-turneen i 1987 og Sound+Vision-turneen i 1990.[11] Bowie og bandet hans spelte over to timar kvar kveld på turneen, og ofte meir enn 30 songar på enkelte konsertar.[12] Ein song som vart øvd inn men aldri framført var «Win» frå albumet Young Americans. Han vart berre stundom spelt under lydsjekkane.[13]
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]Konserten 24. januar 2004 i Vancouver BC fekk positiv omtale og kritikaren sa at «med nær plettfri vokal av Bowie, eit glimrande band og eit smart gjennomført show, endar du opp med ein av dei finaste old-school rockeartistane som nokon sinne har spelt på heimebanen til Canucks.»[14] Meldinga av den neste konserten i Seattle den 25. januar 2004 var like positiv og sa at Bowie «er framleis ei superstjerne i kvar einaste tomme ... osar framleis sjarme og sexappeal» og kalla setlista «ei feiring av heile katalogen hans.»[15]
Hendingar
[endre | endre wikiteksten]6. mai 2004 vart ein konsert i James L. Knight Center i Miami i Florida avlyst etter at lysteknikaren Walter «Wally Gator» Thomas fall og omkom før Bowie gjekk på scenen.[16]
På konserten i Oslo den 18. juni 2004 vart Bowie råka av ein kjærleik-på-pinne i auga, kasta av ein person i publikum.[17]
Hjarteinfarkt
[endre | endre wikiteksten]23. juni, medan han stod på scenen i Praha, fekk Bowie eit hjarteinfarkt, som gjorde at han måtte forlate scenen (og til slutt avslutte konserten tidleg) for å få medisinsk hjelp.[3] Turneen vart offisielt avslutta etter Hurricane Festival i Scheeßel i Tyskland den 25. juni 2004, fordi han framleis kjende seg uvel.[3] 30. juni vart turneen offisielt avslutta etter at Bowie vart diagnostisert med ei akutt blokkert arterie som kravde ein angioplastikk-operasjon (utført 26. juni).[3][18] I 2016 etter Bowie døydde, fortalte bassisten Gail Ann Dorsey, som stod på scenen med Bowie om dei to siste konsertane på turneen: «[På det nest siste showet, i Praha] hugsar eg at me spelte songen «Reality». Han skulle synga heilt på slutten av songen, og han gjorde det ikkje. Eg såg på han litt bakfrå. Alle var gjennomvåt fordi det var veldig varmt der inne, men skjorta hans var berre gjennomvåt. Han var berre våt og heldt mikrofonen ute med venstre hand rett ut. Og han stod berre der og poserte, men song ikkje. Og eg tenkte: «Kvifor syng han ikkje den siste biten?»
Så såg han over skuldra på meg og han var berre kvit, bleik, nesten gjennomskinneleg. Auga hans var store og han gispa litt etter luft, og hadde problem med å trekka pusten. Og så hugsar eg at eg såg ned på publikum, og eg kunne sjå uttrykka deira på første rad, og såg opp på han, hadde forandra seg. Dei gjekk frå glede og dans til å sjå bekymra ut. På det tidspunktet såg livvakta og hjelparen hans det same. Han gjekk inn på scena og tok han av. ... Me fortsette og spelte nokre fleire songar. Han bad om ein krakk, og han sette seg. Han hata berre å avlysa show. Det var nokon netter han var så sjuk at han hadde ei bøtte på sida av scena der han skulle gå mellom songane for å kasta, men han ville aldri avbryta noko. Og me visste ikkje at han fekk hjarteinfarkt før fire eller fem dagar seinare.
[På det siste showet, på Hurricane Festival i Hamburg, Tyskland] hugsar eg at eg gjekk ned trappa bak han etter at me var ferdige. Då han kom heilt ned, kollapsa han faktisk. Han var så sliten og så sjuk. Dei hasta han til sjukehuset, og me sat og venta i Hamburg i nokre dagar, og det var slutten. Det siste showet.»[19]}}
Konsertopptak
[endre | endre wikiteksten]- For meir om dette emnet, sjå filmen A Reality Tour og albumet A Reality Tour.
Ein DVD-video frå Point Theatre i Dublin i 2003 kom ut på A Reality Tour i 2004. Ein CD med den same konserten kom ut på A Reality Tour i 2010.
Turnébandet
[endre | endre wikiteksten]- David Bowie – vokal, gitar, stylophone, munnspel
- Earl Slick – gitar
- Gerry Leonard – gitar, korvokal, kapellmeister[20]
- Gail Ann Dorsey – bassgitar, vokal
- Sterling Campbell – trommer
- Mike Garson – klaverinstrument, piano
- Catherine Russell – klaverinstrument, perkusjon, gitar, korvokal
Konsertar
[endre | endre wikiteksten]Dato | By | Land | Spelestad | Bilettsal / kapasitet | Inntekt | Oppvarmingsartist |
---|---|---|---|---|---|---|
Europa | ||||||
7. oktober 2003 | København | Danmark | Forum København | N/A | N/A | «The Dandy Warhols» |
8. oktober 2003 | Stockholm | Sverige | Globen Arena | N/A | N/A | |
10. oktober 2003 | Helsinki | Finland | Hartwall Areena | N/A | N/A | |
12. oktober 2003 | Oslo | Noreg | Oslo spektrum | N/A | N/A | |
15. oktober 2003 | Rotterdam | Nederland | Rotterdam Ahoy | N/A | N/A | |
16. oktober 2003 | Hamburg | Tyskland | Color Line Arena | N/A | N/A | |
18. oktober 2003 | Frankfurt | Festhalle Frankfurt | N/A | N/A | ||
20. oktober 2003 | Paris | Frankrike | Palais Omnisports de Paris-Bercy | N/A | N/A | |
21. oktober 2003 | N/A | N/A | ||||
23. oktober 2003 | Milano | Italia | Forum di Assago | N/A | N/A | |
24. oktober 2003 | Zürich | Sveits | Hallenstadion | N/A | N/A | |
26. oktober 2003 | Stuttgart | Tyskland | Hanns-Martin-Schleyer-Halle | N/A | N/A | |
27. oktober 2003 | München | Olympiahalle | N/A | N/A | ||
29. oktober 2003 | Wien | Austerrike | Wiener Stadthalle | N/A | N/A | |
31. oktober 2003 | Köln | Tyskland | Kölnarena | N/A | N/A | |
1. november 2003 | Hannover | Preussag Arena | 10,587 / 10,587 | $499,926 | ||
3. november 2003 | Berlin | Max-Schmeling-Halle | 10,693 / 10,693 | $512,787 | ||
5. november 2003 | Antwerpen | Belgia | Sportpaleis | 16,113 / 16,113 | $690,217 | |
7. november 2003 | Lille | Frankrike | Zénith de Lille | 6,986 / 6,986 | $349,420 | |
8. november 2003 | Amnéville | Galaxie Amnéville | 10,960 / 11,200 | $462,161 | ||
10. november 2003 | Nice | Palais Nikaia | 7,620 / 8 000 | $426,823 | ||
14. november 2003 | Marseille | Le Dôme de Marseille | 8,004 / 8,004 | $440,087 | ||
15. november 2003 | Lyon | Halle Tony Garnier | 17 000 / 17 000 | $753,371 | ||
17. november 2003 | Manchester | England | Manchester Evening News Arena | 14,827 / 14,827 | $1,094,747 | |
19. november 2003 | Birmingham | NEC LG Arena | 23,604 / 23,604 | $1,759,705 | ||
20. november 2003 | ||||||
22. november 2003 | Dublin | Irland | Point Theatre | 17 000 / 17 000 | $1,142,076 | |
23. november 2003 | ||||||
25. november 2003 | London | England | Wembley Arena | 23,048 / 23,048 | $1,717,549 | |
26. november 2003 | ||||||
28. november 2003 | Glasgow | Scotland | Scottish Exhibition and Conference Centre | 10,103 / 10,103 | $768,886 | |
Nord-Amerika | ||||||
13. desember 2003 | Montreal | Canada | Bell Centre | 11,315 / 11,315 | $613,650 | Macy Gray |
15. desember 2003 | New York City | USA | Madison Square Garden | 13,752 / 13,752 | $1,108,711 | |
16. desember 2003 | Uncasville | Mohegan Sun Arena | 6,698 / 6,698 | $313,460 | ||
20. desember 2003 | Nassau | Bahamas | The Atlantis Paradise Island Hotel | N/A | N/A | N/A |
7. januar 2004 | Cleveland | USA | CSU Convocation Center | 7,692 / 7,938 | $336,940 | Macy Gray |
9. januar 2004 | Auburn Hills | The Palace of Auburn Hills | 8,509 / 8,909 | $427,522 | ||
11. januar 2004 | Minneapolis | Target Center | 5,492 / 7,505 | $275,436 | ||
13. januar 2004 | Rosemont | Rosemont Theatre | 12,867 / 12,867 | $959,883 | ||
14. januar 2004 | ||||||
16. januar 2004 | ||||||
19. januar 2004 | Denver | Fillmore Auditorium | 3,600 / 3,600 | $237,600 | ||
21. januar 2004 | Calgary | Canada | Pengrowth Saddledome | 11,474 / 11,474 | $634,074 | |
24. januar 2004 | Vancouver | GM Place | 11,617 / 11,617 | $612,323 | ||
25. januar 2004 | Seattle | USA | Paramount Theatre | 2,804 / 2,835 | $199,722 | |
27. januar 2004 | San Jose | HP Pavilion | 9,856 / 10,317 | $578,128 | ||
30. januar 2004 | Las Vegas | The Joint | 1,522 / 1,522 | $343,313 | ||
31. januar 2004 | Los Angeles | Shrine Auditorium | 12,348 / 12,348 | $803,544 | ||
2. februar 2004 | ||||||
3. februar 2004 | Wiltern Theatre | 2,290 / 2,290 | $187,174 | |||
5. februar 2004 | Phoenix | Dodge Theater | 4,873 / 4,873 | $237,842 | ||
6. februar 2004 | Las Vegas | The Joint | 1,522 / 1,522 | $343,313 | ||
7. februar 2004 | Los Angeles | Wiltern Theatre | 2,290 / 2,290 | $187,174 | ||
Oseania | ||||||
14. februar 2004 | Wellington | New Zealand | Westpac Stadium | N/A | N/A | Brooke Fraser |
17. februar 2004 | Brisbane | Australia | Brisbane Entertainment Centre | N/A | N/A | Something for Kate |
20. februar 2004 | Sydney | Sydney Entertainment Centre | N/A | N/A | ||
21. februar 2004 | N/A | N/A | ||||
23. februar 2004 | Adelaide | Adelaide Entertainment Centre | N/A | N/A | ||
26. februar 2004 | Melbourne | Rod Laver Arena | N/A | N/A | ||
27. februar 2004 | N/A | N/A | ||||
1. mars 2004 | Perth | Supreme Court Gardens | N/A | N/A | ||
Asia | ||||||
4. mars 2004 | Singapore | Singapore Indoor Stadium | N/A | N/A | N/A | |
8. mars 2004 | Tokyo | Japan | Nippon Budokan | N/A | N/A | |
9. mars 2004 | N/A | N/A | ||||
11. mars 2004 | Osaka | Osaka-jo Hall | N/A | N/A | Kiyorahu | |
14. mars 2004 | Hong Kong | Hong Kong Convention and Exhibition Centre | N/A | N/A | N/A | |
Nord-Amerika | ||||||
29. mars 2004 | Philadelphia | USA | Wachovia Center | 10,761 / 18 000 | $645,380 | Stereophonics |
30. mars 2004 | Boston | FleetCenter | N/A | N/A | ||
1. april 2004 | Toronto | Canada | Air Canada Centre | 13,893 / 14,114 | $771,136 | |
2. april 2004 | Ottawa | Corel Centre | N/A | N/A | ||
4. april 2004 | Quebec City | Colisée Pepsi | N/A | N/A | ||
7. april 2004 | Winnipeg | Winnipeg Arena | N/A | N/A | ||
9. april 2004 | Edmonton | Rexall Place | 8,507 / 9,404 | $342,609 | ||
11. april 2004 | Kelowna | Skyreach Place | N/A | N/A | ||
13. april 2004 | Portland | USA | Rose Garden Arena | N/A | N/A | |
14. april 2004 | Seattle | KeyArena | 6,065 / 6,500 | $316,094 | ||
16. april 2004 | Berkeley | Berkeley Community Theatre | N/A | N/A | ||
17. april 2004 | N/A | N/A | ||||
19. april 2004 | Santa Barbara | Santa Barbara Bowl | 4,546 / 4,562 | $314,625 | ||
22. april 2004 | Los Angeles | Greek Theatre | 5,764 / 5,764 | $360,560 | ||
23. april 2004 | Anaheim | Arrowhead Pond | 7,015 / 7,520 | $498,218 | ||
25. april 2004 | Loveland | Budweiser Events Center | 4,177 / 5,440 | $262,503 | ||
27. april 2004 | Austin | The Backyard Amphitheater | N/A | N/A | ||
29. april 2004 | The Woodlands | Cynthia Woods Mitchell Pavilion | N/A | N/A | ||
30. april 2004 | New Orleans | Saenger Theatre | N/A | N/A | ||
5. mai 2004 | Tampa | Tampa Bay Performing Arts Center | N/A | N/A | The Polyphonic Spree | |
8. mai 2004 | Atlanta | Chastain Park Amphitheater | N/A | N/A | ||
10. mai 2004 | Kansas City | Starlight Theatre | N/A | N/A | ||
11. mai 2004 | St. Louis | Fox Theatre | N/A | N/A | ||
13. mai 2004 | Hershey | Star Pavilion | N/A | N/A | ||
14. mai 2004 | London | Canada | John Labatt Centre | 8,513 / 8,513 | $446,740 | |
16. mai 2004 | Fairfax | USA | Patriot Center | N/A | N/A | |
17. mai 2004 | Pittsburgh | Benedum Center | N/A | N/A | ||
19. mai 2004 | Milwaukee | Milwaukee Theatre | N/A | N/A | ||
20. mai 2004 | Indianapolis | Murat Shrine | N/A | N/A | ||
22. mai 2004 | Moline | The MARK of the Quad Cities | N/A | N/A | ||
24. mai 2004 | Columbus | Columbus Veterans Memorial Auditorium | N/A | N/A | ||
25. mai 2004 | Buffalo | Shea's Performing Arts Center | N/A | N/A | ||
27. mai 2004 | Scranton | Ford Pavilion at Montage Mountain | N/A | N/A | ||
29. mai 2004 | Atlantic City | Borgata Event Center | N/A | N/A | ||
30. mai 2004 | N/A | N/A | ||||
1. juni 2004 | Manchester | Verizon Wireless Arena | N/A | N/A | ||
2. juni 2004 | Uncasville | Mohegan Sun Arena | N/A | N/A | ||
4. juni 2004 | Wantagh | Tommy Hilfiger at Jones Beach Theatre | N/A | N/A | ||
5. juni 2004 | Holmdel | PNC Bank Arts Center | N/A | N/A | ||
Europa | ||||||
11. juni 2004 | Amsterdam | Nederland | Amsterdam Arena | N/A | N/A | – |
13. juni 2004 - Isle of Wight-festivalen | Newport | England | Seaclose Park | N/A | N/A | |
17. juni 2004 - Bergenfest | Bergen | Noreg | Koengen | N/A | N/A | |
18. juni 2004 - Norwegian Wood-festivalen | Oslo | Frognerbadet | N/A | N/A | ||
20. juni 2004 | Seinäjoki | Finland | Provinssirock | N/A | N/A | |
23. juni 2004 | Praha | Tsjekkia | T-Mobile Arena | N/A | N/A | |
25. juni 2004 - Hurricane-festivalen | Scheeßel | Tyskland | Eichenring | N/A | N/A | |
Total | 722 158 / 737 581 | $45 395 490 |
- Avlyste eller flytta konsertar
12. november 2003 | Toulouse | Le Zénith de Toulouse | Avlyst |
6. desember 2003 | Atlantic City | The Borgata Events Center | Flytta til 29. mai 2004 |
7. desember 2003 | Fairfax | Patriot Center | Flytta til 16. mai 2004 |
9. desember 2003 | Boston | Fleet Center | Flytta til 30. mars 2004 |
10. desember 2003 | Philadelphia | Wachovia Center | Flytta til 29. mars 2004 |
12. desember 2003 | Toronto | Air Canada Centre | Flytta til 1. april 2004 |
6. mai 2004 | Miami | James L. Knight Center | Avlyst |
26. juni 2004 | Tuttlingen | Southside Festival | Avlyst |
29. juni 2004 | Wien | Schloss Schönbrunn | Avlyst |
30. juni 2004 | Salzburg | Residenzplatz | Avlyst |
2. juli 2004 | Roskilde | Roskildefestivalen | Avlyst |
4. juli 2004 | Werchter | Rock Werchter | Avlyst |
6. juli 2004 | Ile De Gaou | Festival de la Gaou | Avlyst |
7. juli 2004 | Carcassonne | Festival de la Cite | Avlyst |
10. juli 2004 | Kinross | Balado, T in the Park | Avlyst |
11. juli 2004 | County Kildare | Oxegenfestivalen | Avlyst |
14. juli 2004 | Bilbao | Bilbaofestivalen | Avlyst |
16. juli 2004 | Compostela | Xacobeofestivalen | Avlyst |
17. juli 2004 | Oporto | The Dragon-festivalen | Avlyst |
20. juli 2004 | Nyon | Paléo Festival Nyon | Avlyst |
21. juli 2004 | Monte Carlo | Club du Sporting | Avlyst |
23. juli 2004 | Carhaix | Vieilles Charrues Festival | Avlyst |
Songar
[endre | endre wikiteksten]Merknad:
- DVD/CD inkludert på A Reality Tour (film) og A Reality Tour (konsertalbum)
- CD Inkludert på konsertalbumet
- iTunes Tilgjengeleg som digitalt bonusspor
Frå David Bowie
- «Space Oddity»
Frå The Man Who Sold the World
- «The Man Who Sold the World» DVD/CD
- «The Supermen»
Frå Hunky Dory
- «Changes» DVD/CD
- «Life on Mars?» DVD/CD
- «Quicksand»
- «The Bewlay Brothers»
- «Queen Bitch»
Frå The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars
- «Five Years» DVD/CD
- «Starman»
- «Hang On to Yourself» DVD/CD
- «Ziggy Stardust» DVD/CD
- «Suffragette City»
Frå Aladdin Sane
Frå Diamond Dogs
- «Diamond Dogs»
- «Rebel Rebel» DVD/CD
Frå Young Americans
- «Fame» DVD/CD (Bowie, John Lennon, Carlos Alomar)
- «Station to Station»
- «Golden Years»
Frå Low
- «Breaking Glass» CD (Bowie, Dennis Davis, George Murray)
- «Sound and Vision»
- «Always Crashing in the Same Car»
- «Be My Wife» DVD/CD
- «A New Career in a New Town»
Frå "Heroes"
Frå Lodger
- «Fantastic Voyage» DVD/CD (Bowie, Eno)
Frå Scary Monsters (and Super Creeps)
- «Ashes to Ashes» DVD/CD
- «Fashion»
Frå Let's Dance
- «Modern Love»
- «China Girl» CD (originalt frå The Idiot (1977) by Pop; skriven av Pop and Bowie)
- «Let's Dance»
Frå Tonight
- «Loving the Alien» DVD/CD
- «Blue Jean»
Frå Outside
- «Hallo Spaceboy» DVD/CD (Bowie, Eno)
- «The Motel» (Bowie, Eno) DVD/CD
Frå Earthling
- «Battle for Britain (The Letter)» DVD/CD (Bowie, Reeves Gabrels, Mark Plati)
- «I'm Afraid of Americans» DVD/CD (Bowie, Eno)
Frå Heathen
- «Sunday» DVD/CD
- «Cactus» DVD/CD (originalt frå Surfer Rosa (1989) av Pixies; skriven av Black Francis)
- «Slip Away» DVD/CD
- «Afraid» DVD/CD
- «I've Been Waiting for You» (originalt frå Neil Young (1968) av Neil Young; skriven av Young)
- «5:15 the Angels Have Gone» iTunes
- «Heathen (The Rays)» DVD/CD
Frå Reality
- «New Killer Star» DVD/CD
- «Pablo Picasso» (frå The Modern Lovers (1976) av The Modern Lovers sjølv om han først vart spelt inn i 1972; skriven av Jonathan Richman)
- «Never Get Old» DVD/CD
- «The Loneliest Guy» DVD/CD
- «Looking for Water»
- «She'll Drive the Big Car»
- «Days» iTunes
- «Fall Dog Bombs the Moon» CD
- «Try Some, Buy Some» (singel (1971) av Ronnie Spector frå The Ronettes; skriven av George Harrison)
- «Reality» DVD/CD
- «Bring Me the Disco King» DVD/CD
Andre songar:
- «A Hard Day's Night» (frå A Hard Day's Night (1964) av The Beatles; skriven av Lennon og Paul McCartney)
- «All the Young Dudes» DVD/CD (frå All the Young Dudes (1972) av Mott the Hoople; skriven av Bowie)
- «Bang a Gong (Get It On)» (frå Electric Warrior (1971) av T.Rex; skriven av Marc Bolan)
- «Do You Know the Way to San José» (frå Dionne Warwick in Valley of the Dolls (1968) av Dionne Warwick; skriven av Burt Bacharach og Hal David)
- «Here Comes the Sun» (frå Abbey Road (1969) av The Beatles; skriven av Harrison)
- «It Can't Happen Here» (frå Freak Out! (1966) av The Mothers of Invention; skriven av Frank Zappa)
- «Liza Jane» (den første singelen til Bowie, gjeven ut som «Davie Jones and the King Bees» i 1964; skriven av Leslie Conn)
- «Puppet on a String» (ein singel for Eurovision Song Contest i 1967 av vinnaren Sandie Shaw; skriven av Bill Martin og Phil Coulter)
- «Rumble» (singel frå 1958 av Link Wray & His Ray Men; skriven av Milt Grant og Link Wray)
- «Sister Midnight» DVD/CD (frå The Idiot av Iggy Pop, skriven av Pop, Bowie og Alomar)
- «Song 2» (frå Blur (1997) av Blur; skriven av Damon Albarn, Graham Coxon, Alex James og Dave Rowntree)
- «Summertime» (frå the opera Porgy and Bess (1935); skriven av George Gershwin, DuBose Heyward, Dorothy Heyward og Ira Gershwin)
- «Under Pressure» DVD/CD (ein singel frå 1981 av Bowie og Queen seinare på Hot Space året etter; skriven av Bowie, John Deacon, Brian May, Freddie Mercury, Roger Taylor)
- «White Light/White Heat» (frå White Light/White Heat (1968) av The Velvet Underground; skriven av Lou Reed)
- «Y.M.C.A.» (frå Cruisin' av Village People, skriven av Henri Belolo, Jacques Morali og Victor Willis)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «A Reality Tour» frå Wikipedia på engelsk, den 22. september 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Pegg, Nicholas (2016). The Complete David Bowie (revised and updated utg.). London: Titan Books. ISBN 978-1-78565-365-0.
- O'Leary, Chris (2019). Ashes to Ashes: The Songs of David Bowie 1976–2016. London: Repeater. ISBN 978-1912248308.
- ↑ Bowie announces world tour
- ↑ 2,0 2,1 Jacobson, Colin (3. november 2004), David Bowie: A Reality Tour (2003), henta 22. september 2021
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 Pegg 2016, s. 625.
- ↑ Gilmore, Mikal (2. februar 2012), «How Ziggy Stardust Fell to Earth», Rolling Stone magazine (1149): 36–43, 68
- ↑ Madonna Heads List Of Year's Top Tours, henta 22. september 2021
- ↑ «Bowie On World Tour», Sky News, 16. juni 2003, arkivert frå originalen 21. september 2013, henta 22. september 2021
- ↑ Pegg 2016, s. 618-619.
- ↑ 8,0 8,1 8,2 Pegg 2016, s. 619.
- ↑ Pegg 2016, s. 619-620.
- ↑ 10,0 10,1 10,2 10,3 10,4 10,5 10,6 10,7 Pegg 2016, s. 620.
- ↑ 11,0 11,1 Pegg 2016, s. 621-622.
- ↑ O'Leary 2019, s. 555.
- ↑ Pegg 2016, s. 315.
- ↑ Newton, Steve (13. januar 2016). «David Bowie's final Vancouver show, 2004». The Georgia Straight. Henta 22. september 2021.
- ↑ MacDonald, Patrick (26. januar 2004). «David Bowie: Supercool rock icon ever ch-ch-changing for the better». The Seattle Times. s. E1–E3.
- ↑ Crew member dies at Bowie concert
- ↑ Lollipop hits Bowie in eye at gig
- ↑ «Bowie recovers after heart surgery». 9. juli 2004. Henta 22. september 2021.
- ↑ Greene, Andy (25. januar 2016). «David Bowie Bassist Gail Ann Dorsey: 'He Altered the Course of My Life'». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 12. februar 2016. Henta 14. februar 2016.
- ↑ «PRS Guitars Artist Profile for Gerry Leonard». Arkivert frå originalen 24. mars 2013. Henta 13. mars 2013.