Albitt
Utsjånad
Albitt | |||
Albitt frå Kreta, skala = 2,5 cm | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | plagioklas, feltspat, tektosilikat | ||
Kjemisk formel | NaAlSi3O8 eller Na1.0–0.9Ca0.0–0.1Al1.0–1.1Si3.0–2.9O8 | ||
Krystallsymmetri | Triklinisk H–M Symbol 1 | ||
Einingscelle | a = 8.16 Å, b = 12.87 Å, c = 7.11 Å; α = 93.45°, β = 116.4°, γ = 90.28°; Z=4 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | Kvit til grå, blåaktig, grønaktig, raudaktig, kan vere iriserande | ||
Krystallform | Krysstallar som regel lagdelte, spreiande aggregat, korna, kløyvbar massiv | ||
Krystallsystem | Triklinisk pinakoidal | ||
Tvilling | Vanlegvis polysyntetisk strekk på {001} eller {010} | ||
Kløyv | Perfekt på {001}, særs god på {010}, ufullkomen på {110} | ||
Brot | Ujamn til muslig | ||
Mohs hardleiksskala | 6 – 6.5 | ||
Glans | Glasaktig, typisk perleaktig langs kløyva | ||
Strekfarge | Kvit | ||
Transparens | Transparent til gjennomskinnneleg | ||
Spesifikk vekt | 2.60 - 2.65 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Toaksa(+) | ||
Brytingsindeks | nα = 1.528 – 1.533 nβ = 1.532 – 1.537 nγ = 1.538 – 1.542 | ||
2V-vinkel | 85-90° (low); 52-54° (high) | ||
Andre eigenskapar | Ein har observert strukturendringar ved låge og høge temperaturar | ||
Kjelder | [1][2][3] |
Albitt er eit mineral i feltspatgruppa.[4] Det er endeleddet i plagioklas-serien med mindre enn 10 % anortitt. Kjemisk formel for albitt er NaAlSi3O8. Det er eit nettverkssilikat.
Albitt krystalliserar med trikliniske pinakoidale former. Spesifikk gravitet er 2,62 og hardleik 6. Albitt dannar nesten alltid tvillingar som ein ofte kan sjå som tynne parallelle striper på krystalloverflata. Albitt opptrer ofte som fine parallelle striper som alternerer med rosa mikroklin i perthitt, som følgje av utfelling av smeltemasse ved avkjøling.
Albitt finst i granitt og pegmatitt samt i enkelte hydrotermale sprekker.
Albitt vart først skildra i 1815 for ein førekomst i Sverige. Namnet er frå latin, albus for den typiske kvite fargen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Albitt» frå Wikipedia på bokmål, den 20. juni 2011.
- ↑ http://rruff.geo.arizona.edu/doclib/hom/albite.pdf Handbook of Mineralogy
- ↑ http://www.mindat.org/min-96.html Mindat.org
- ↑ http://www.webmineral.com/data/Albite.shtml Webmineral data
- ↑ Mindat.org Albite
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten] Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Albitt