Stjernemaurvarslar
Stjernemaurvarslar | |
Stjernemaurvarslarhann | |
Stjernemaurvarslarhoe | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Stjernemaurvarslar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Maurfuglar Thamnophilidae |
Slekt: | Pygiptila |
Art: | Stjernemaurvarslar P. stellaris |
Vitskapleg namn | |
Pygiptila stellaris |
Stjernemaurvarslar, Pygiptila stellaris, er ein liten maurvarslar i den biologiske familien Thamnophilidae. Han er monotypisk i slekta Pygiptila.
Stjernemaurvarslar er 14 centimeter i lengd og veg 23 gram. Dette er ein kort og tjukkfallen fugl med kort hale. Hannen har gråleg fjørdrakt med mørk hette, nakke, venger og hale. Han har fleire vengeband av små kvite flekker. Han har ein skult kvit flekk på ryggen. Hofuglen har eit gulbrunt preg, hovud i brunt til olivengrønt, raudbrune vengefjør og oversida er blågrå.
Dei lever i par, i familiegrupper eller i fleirartsflokkar i trekroner i høgvaksen skog.
Arten har habitat i subtropiske eller tropiske våte låglandsskogar med utbreiingsområdet innanfor landa Bolivia, Brasil, Colombia, Ecuador, Fransk Guyana, Peru, Surinam og Venezuela.
Kjelder
- Hilty, Steven L. (29. november 2002). Birds of Venezuela. Christopher Helm Publishers Ltd. ISBN 0713664185.
- BirdLife International (2014) Species factsheet: Pygiptila stellaris Arkivert 2015-09-24 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 20. august 2014.
Bakgrunnsstoff
- Videoar, bilete og lydopptak av stjernemaurvarslar hos Internet Bird Collection