Oldtid
Utsjånad
- For geologisk oldtid, sjå paleozoikum.
Oldtid eller gamletid viser til den eldste tida i historia i europeisk, nordafrikansk og vestasiatisk samanheng.[1] I snever forstand kan «oldtid» visa til den gresk-romerske verda i antikken. I vid forstand tek ein også med dei tidlege sivilisasjonane i Mesopotamia og Egypt.[2]
Det kan visa til tida frå dei eldste kjende samfunna oppstod og fram til folkevandringstida. I europeisk samanheng har ein ofte rekna år 476 som eit skilje mellom oldtida og mellomalderen, ettersom dette var åre då Vestromarriket fekk ein germansk konge.[2] I norsk samanheng viser oldtida ofte til tida før vikingtida.[1]
Kjelder
- ↑ 1,0 1,1 «oldtid» i Nynorskordboka.
- ↑ 2,0 2,1 Andersen, Øivind (31. januar 2018). «oldtiden». Store norske leksikon (på norsk).
Bakgrunnsstoff
- Ancient History Encyclopedia, leksikon for oldtidshistorie
- Ancient Civilizations, British Museums nettsted for ulike emner innenfor oldtidens sivilisasjoner
- Ancient history sourcebook, kildebøker for oldtidens historie
- The Perseus digital library, digitalt bibliotek for oldtidstekster
- Barrington Atlas of the Greek and Roman world Arkivert 2010-10-21 ved Wayback Machine., atlas for den greske og romerske verden
- The Jewish History Resource Center, prosjekt for forskning på jødisk historie ved Det hebraiske universitet i Jerusalem