E
Utsjånad
Alfabetet | |||||
A | B | C | D | E | |
F | G | H | I | J | |
K | L | M | N | O | |
P | Q | R | S | T | |
U | V | W | X | Y | |
Z | Æ | Ø | Å |
Bokstaven E er den femte bokstaven i det latinske alfabetet. Det er ein fremre, halvtrong vokal. I dei semittiske og egyptiske alfabeta var han ein konsonant (ein H-lyd), men i gresk har han fått verdien e. I det eldste runealfabetet vert han skrive som den tredje runen i tredje ætt, som truleg er danna av ein liggande E. Det yngre runealfabetet har ikkje noko særskild E-teikn, men nyttar I for både E og I. I norsk viser E til både den reine e-lyden (ren, vet), æ-lyden (både kort og lang, til dømes herre) og den sentrale vokalen ə i trykklette stavingar (lese). I personnamn er e etter i (etter tysk mønster) ofte stum og viser at i er lang, til dømes Diesen.
E kan stå for
- tonen E
- eit vitamin
- symbolet for energi i fysikken, som i: E = mc2
- i SI-systemet står E for prefikset exa, som er 1018 eller 1 trillion.
- Engler-grader, måleining for viskositet hos smøreoljer. Sjå viskositet, Engler-viskosimeter.
- symbol for eötvös, eining for å gje endring i tyngdeakselerasjonen.
- Nasjonalitetskjennemerke for Spania (España)
- På tyske bilskilt: Essen
- På austerrikske bilskilt: Eisenstadt
- På norske bilskilt før 1971: Oppland fylke
- Ei rekkje romerske forkortingar, som Ennius, emeritus, evocatus, egregius med fleire.
- E på kompasset tyder engelsk east eller fransk est, som på norsk tyder aust.
e kan stå for
- e, eller Eulers tal, er grunntalet i naturlege logaritmar. Talet er irrasjonalt og transcendent.
- symbol for elektron.
- symbol for den elektriske elementærladinga, dvs. ladningen til eit proton; 1,602 177 · 10–19 coulomb. Ladningen til elektronet er –e.
- e- eller ex- i sammensette ord frå latin er den latinske preposisjonen ex som tyder «ut av». Føre konsonantar har dette forma e, som til dømes i emigrere og erupsjon.
- forkorting for elektronisk, til dømes e-post eller e-marknadsføring.
Kjelder
«E – bokstav» i Store norske leksikon, snl.no.